Kommunen følgjer nøye med på utviklinga på Austlandet
Kriseleiinga i kommunen følgjer nøye med på utviklinga på Austlandet, men enn så lenge er rådet å følgja dei nasjonale retningslinjene.
Det opplyser ordførar Trine Lindborg.
– Me følgjer utviklinga tett, og det kan koma endringar også her hos oss på kort varsel, men enn så lenge gjeld dei nasjonale tilrådingane i Bjørnafjorden, seier Lindborg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho opmodar bjørnafjordingane til å unngå alle unødvendige reiser til dei aktuelle områda (sjå liste under).
– Smittesituasjonen i vår kommune gjer at vi framleis kan følgja dei nasjonale reglane. Det som no skjer i Oslo og i nabokommunane viser at situasjonen fort endrar seg. Difor må vi halda fram det gode smittevernarbeidet i kommunen vår, legg ho til.
Det er framleis dei generelle råda som gjeld; hald avstand og bli heime dersom du er sjuk.
Ordføraren legg til at kommunen har god testkapasitet, og at det må vera låg terskel for å testa seg.
– Det er ikkje påbod om at ein må testa seg om ein har vore på Austlandet, men terskelen må vera låg. Og vi oppmodar til å testa deg dersom du har vore i desse områda. Det gjeld også om ein har vore i situasjonar der ein kan ha vorte eksponert for smitte, seier ordføraren.
Dei ti ramma kommunane er:
Nordre Follo
Oslo
Artikkelen held fram under annonsen.
Ås
Vestby
Nesodden
Indre Østfold
Frogn
Enebakk
Moss
Våler