Giskavollen:

Kommunen felt i KOFA for brot på regelverket. Parkeringsgarasjen blir utsett enno litt til

Bjørnafjorden kommune braut regelverket for offentlige anskaffingar i konkurransen om nytt parkeringsanlegg under grusbana på Osøyro.

1. oktober vart Bjørnafjorden kommune felt på to punkt i KOFA (Klagenemnd for offentlege anskaffelser) etter å ha blitt innklaga av Veidekke 15. juli i år.

Striden dreier seg om kommunens utlysing av totalentreprise på bygging av parkeringsanlegg under grusbana på Giskavollen. Kostnaden på anlegget er estimert til om lag 40 millionar kroner eksklusiv moms.

Artikkelen held fram under annonsen.

I vår valde kommunen å innstilla Åsane Byggmesterforretning AS og Donar AS på høvesvis fyrste og andre plass.

Veidekke Entreprenør vart plassert som nummer tre av totalt åtte innleverte tilbod.

Sistnemnde klaga deretter kommunen inn til KOFA fordi dei meinte at både Åsane Byggmesterforretning AS og Donar AS skulle ha vore avvist frå konkurransen fordi dei ikkje oppfylte kvalifikasjonskrava.

Det skriv Bygg.no.

KOFA gav Veidekke Entreprenør medhald i klagen og konkluderte at kommunen ikkje føretok ei forsvarleg vurdering av om kvalifikasjonskravet om kvalitetssikringssystem var oppfylt.

KOFA meiner også at Donar AS skulle ha vorte avviste i konkurransen på grunn av manglande oppfylling av miljøleiingssystem.

Her kan du lese KOFAs avgjerd.

Ulikt syn blant medlemene i KOFA

I fylgje bygg.no svarer dagleg leiar Alen Begic i Donar AS at dei har«implementert et velfungerende ledelsessystem både for kvalitetsstyring og miljøstyring.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Same nettside har også snakka med dagleg leiar Frank Ståløy Åsane Byggmesterforretning AS.

Han vil ikkje kommentera avgjerda overfor dei, men seier at han registrerer at medlemmene i KOFA hadde ulikt syn på saka.

Ekstrarunde med ekstern aktør

Konstituert prosjektsjef Grethe Nesheim fortel at Bjørnafjorden kommune no vil få ein ekstern aktør til å gjera ei ny vurdering på kvalitetssikringssystemet til Åsane Byggmesterforretning AS.

— Donar AS fekk stryk for miljøleiingssystemet, det tek vi til etterretning, seier ho.

— Held de fast på å gje kontrakten til Åsane Byggmesterforretning AS?

— No tek vi denne runden fyrst, så får vi ta det med dei.

— Kva kostnader betyr ein slik ekstrarunde for kommunen?

— Eg har ikkje noko tal, men ei slik ekstern vurdering er ikkje ein veldig stor kostnad, seier Nesheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Gjorde de eit for dårleg arbeid med utlysingsteksten i anbodskonkurransen?

— Det er vanskeleg å seia. Marginane er små i slike tekstar og ein kan sikkert alltid bli betre.

Ingen dato

Mangelen på parkeringsplassar på Osøyro er jamnleg gjenstand for debatt. Parkeringsanlegget under grusbana er tenkt å løysa dette problemet.

Men kva tid arbeidet med det nye parkeringsanlegget kan starta, er stadig i det blå.

Prosjektleiar Frankie Gindl vil ikkje kommentera nokon tidshorisont.

— Nei, nokon dato kan eg ikkje gje deg. Vi arbeider med saka og alt avheng av kva vi konkluderer med, seier han.