Har sendt melding: Kommunen har bede dei som har fritidsbustad i Bjørnafjorden kommune om å halda seg heime i bustadkommunen sin.

Kommunen bed hytteeigarar om å halda seg heime

Har sendt ut melding til eigarar av fritidsbustader i Bjørnafjorden kommune.

Kommunen har bede dei som har fritidsbustad i Bjørnafjorden kommune om å halda seg heime i bustadkommunen sin, og ikkje reisa til hytta.

– Dette gjer vi for å unngå unødig smitterisiko og auka belastning for helsesektoren i kommunen vår. Dette er i tråd med føringar frå regjering og helsemyndigheiter, kommenterer kommunedirektør i Bjørnafjorden kommune, Christian Fotland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppmodinga gjeld òg bubil- og campingturistar. Bubilparkeringa på Haugsneset vil bli stengt. Det same gjeld bubilparkeringa i Eikelandsosen.