Kommunelov-ekspert: - Avtalen med Høgre ikkje juridisk bindande
Dersom Søviknes trer ut av rollen som ordførar for godt, er ikkje avtalen med Høgre om opprykk for varaordføraren bindande.
Som Os og Fusaposten skreiv i går er varaordførar Marie Bruarøy (H) klar for å ta over vervet som ordførar dersom Søviknes blir statsråd. Frp/H har inngått ein avtale der dette er spesifisert. Men også kommunelova seier noko om dette.
Endeleg eller midlertidig?
I kommunelova paragraf 9 er det lagt fram to alternativ. Dersom ordføraren midlertidig går ut av sitt verv, rykkjer varaordførar opp som ordførar. Men dersom ordføraren trer endeleg ut av sitt verv - bli det nyval.
Artikkelen held fram under annonsen.
Os og Fusaposten spør professor emeritus Jan Fridthjof Bernt om kor tid Søviknes sitt fråvær er å sjå som midlertidig, og kor tid det er å sjå som permanent. Han viser til paragraf 15.2, der det står det at kommunestyret etter søknad kan frita, "for et kortere tidsrom eller resten av valperioden, den som ikke uten uforholdsmessig vanskelighet eller belastning kan skjøtte sine plikter i vervet".
- Dette betyr at det er Søviknes, når han søkjer, som angir om han ser på dette som eit midlertidig eller eit endeleg fråvær, seier Bernt.
Han seier at det mest sannsynleg vil vera eit midlertidig fråvær når det dreier seg om eit i dette tilfellet kort tidsrom.
Avtalen ikkje juridisk bindande
Når det gjeld avtalen Frp og Høgre har inngått som seier at Høgre får ordførar-vervet dersom Søviknes tek permisjon eller søkjer fritak frå vervet som ordførar, kan den også bli påverka av kommunelova.
- I tilfellet at Søviknes skulle skriva i sin søknad om fritak at dette er endeleg, må det nyval til, ifølgje kommunelova, seier Bernt.
- Og det heilt uavhengig av at Frp/H har inngått denne avtalen?
- Ein slik avtale er ikkje juridisk bindande. Då blir det heller eit spørsmål om Frp vil leva opp til den politiske avtalen dei har inngått under valet.
- Makta er i deira hender, med andre ord?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja.