Kommunane får dekt kostnader for ukrainske flyktningar i private heimar
Kommunar som har ukrainske flyktningar buande i private heimar, kan få tilskot frå Utlendingsdirektoratet.
Justis- og beredskapsdepartementet har onsdag gitt ein instruks til Utlendingsdirektoratet (UDI) om dette.
Ordninga er frivillig for kommunane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Folk som har flykta frå Ukraina til Noreg, og som bur i privat regi, kan få ytingar til livsopphald og andre kommunale tenester fram til dei blir busette av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi), opplyser justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).