Brann- og beredsskapssjef Stein Gjøsund og resten av kriseleiinga førebur seg på ein hektisk dag i morgon. (Arkiv
Brann- og beredsskapssjef Stein Gjøsund og resten av kriseleiinga førebur seg på ein hektisk dag i morgon. (Arkiv

Kommunal kriseleiing førebur seg på orkanen «Tor»

Orkanen «Tor» er venta å treffa Os og Fusa. - Dersom det blir "worst case scenario" bør folk som ikkje må ut, halda seg inne, seier beredskapssjef Stein Gjøsund.

Orkanensom treffer lenger sør på Vestlandet enn først venta, har fått namnet «Tor». Det var Storm som først melde om utviklinga i lågtrykket, men no stadfestar også YR.no det same.

- Fredag ettermiddag og kveld er det venta vest og sørvest sterk storm og kan hende orkan på kysten av Hordaland, med vindkast på 35-50 m/s inn over land, heiter det frå vêrmeldingstenesta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er også venta springflod, og med ei bølgehøgd opp mot 13 meter høge.

Set kriseleiing

Brann- og beredskapssjef Stein Gjøsund seier at han har fått med seg den oppdaterte vêrmeldinga, og har valt å samla den kommunale kriseleiinga i morgon tidleg.

- Me set eit formelt møte i morgon tidleg i lag med ordførar og rådmann, både for å ta ei statusoppdatering, men også for å forankra dei førebuande tiltaka me no må gjera, seier Gjøsund.

- Ser du for deg at dette blir reprise av ekstremvêret «Nina»?

- Me førebur oss i alle fall på at det kan bli slik. Me brukar det same planverket som vart brukt under Nina, seier Gjøsund.

Førebuande tiltak

Blant tiltaka som no vert klargjort er følgjande:

* Dersom mobiltelefon-dekninga forsvinn i meir enn 5 timar, skal ein etablera ei ordning for dei eldre med tryggleiksalarm

* Dei heimebaserte tenestene forsterkar sitt materiell og utstyr

Artikkelen held fram under annonsen.

* Teknisk klargjer sine traktorar og motorsager

* Brannvesenet riggar seg for å takla stor pågang

* Informasjonsberedsskapen vert styrkt

- Ikkje gå ut, om du ikkje må

- Er det slik at folk bør oppfordrast til å halda seg inne?

- Absolutt. Dersom det blir "worst case scenario" her er det tryggast å opphalda seg innandørs. Berre dei som må gå ut, bør gjera det. Takstein kan losna, store greiner kan koma flygande. Tre kan knekka. Så kvar og ein bør gjera ei risikovurdering før ein går ut, seier Gjøsund.

Pass på eldre slektningar

Dei eldre og uføre kan vera ekstra utsette i ein slik situasjon. Gjøsund ber derfor folk om å kontakta eldre slektningar og undersøkja at alt er bra.

- Dersom til dømes straumen går, kan enkelte bli sitjande åleine og frysa. Dette må kvar og ein ta ansvar for at ikkje skjer, seier Gjøsund.

Brannvesenets vakttelefon

Han opplyser også at dersom det oppstår ein naudsituasjon og ein ikkje kjem gjennom på dei normale naudnummera, kan Brannvesenets Vakttelefon nyttast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den har TLF 915 68 590