Kom mai du skjønne milde...
April baud på rekordvarme. No har kong vinter gjort comeback.
Å vakna til snø på 3. mai er det truleg berre brona som kan gle seg over.
For medan april baud på varme og lune sommardagar med is, badebasseng og pollen, har mai så langt vore det stikk motsette.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alt den første dagen i den nye månaden var det ein merkbar nedgang i temperatur, og i natt gjorde altså kong vinter comeback med temperaturar heilt ned mot null.
Ifølgje yr.no kryp temperaturen opp i 8 gradar i løpet av dagen, men natt til lørdag går hanned i null igjen.
Fredag morgon melder nettstaden også om mykje snø og vanskelege køyreforhold både i Os og Fusa. Så køyr forsiktig!
camilla.kvamme@osogfusa.no