Kom i klem under ein gravemaskin
13.10 i dag melde AMK frå om at ein person var komen i klem under ein gravemaskin på Lyseklostervegen. Ulukka skjedde på anleggsvegen til Endelausmarka i samband med prosjektet E39 Moberg-Svegatjørn.
Ifølgje Os lensmannskontor hadde vedkomande kome seg laus då ambulansen kom til staden. Politiet er på veg i skrivande stund.
Kl. 13.37 melder politiet at mannen har fått klemskade i fot, og at han vert behandla på staden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen opplyser at det er snakk om ein 18 år gamal mann.
- På noverande tidspunkt har eg ikkje fleire opplysnigar enn det, seier han.