Kollisjon på Søfteland
I 22-tida tysdag kveld var fleire bilar involverte i ei ulukke på Søfteland.
Ulukka skjedde ved innkøyringa til Gåssand.
- Ulukka skjedde i sørgåande felt då ein bil bremsa ned for å svinga av til Gåssand. Dei to fyrste bilane som kom bak, bremsa ned, medan føraren av den tredje bilen i rekkja ikkje var heilt merksam, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Føraren av denne bilen var ein mann i 40-åra, ikkje heimeverande i Os. 40-åringen fekk førarkortet beslaglagt, og politiet har oppretta sak.
To av bilane fekk mindre skadar, medan skadane på den tredje var meir omfattande.
Nokre av dei involverte klaga over mindre smerter i nakken, men dei ynskte å køyra vidare og ikkje få vidare oppfølging av helsepersonell.