Kokevarselet endeleg oppheva
Vatnet er no friskmeldt også i Øyane. - Me takkar for tolmodet og er lei oss for ulempene kokevarselet har medført, seier Marianne Kramer.
Etter fire dagar vart endeleg kokevarselet oppheva i dag. Dei siste områda som fram til i dag har måtta koka vatnet var Søre Øyane, Nore Neset og delar av Strøno.
Vatnet heilt i orden
- Lekkasjen er funnen og reparert, men me måtte venta på resultat frå vassprøvane for å vera sikker på at det var fritt for bakteriar, seier teknisk sjef, Marianne Kramer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klokka 15 i dag kom gladmeldinga;
"Vassprøvene syner at drikkevatnet er heilt i orden, og dermed treng ingen abonnentar i Os lenger koka drikkevatnet. Alle berørte skal ha fått melding om dette via SMS eller automatisk telefonoppringing."
Krevjande jobb
Marianne Kramer fortel at det var eit relativt krevjande å finna lekkasjen denne gongen.
- Pga. mange høgtspentleidningar i området var me nøydde å ha BKK på plass medan me gravde. Me var i rett område, ved Montér-bygget. Men me bomma litt før me fann rette staden, seier Kramer.