Knivstikkinga: Mann i 20-åra pågripen
Ei kvinne (44) er alvorleg skadd etter å ha blitt knivstukken på Søfteland. Gjerningsmannen, som skal vera i 20-åra, er pågripen.
- Klokka 09.41 fekk politiet melding om at ein person var knivstukken ved Compacten på Søfteland, opplyser Operasjonssentralen i Bergen.
På Twitter opplyser politiet at det er ei kvinne som er stukken, og at gjerningsmannen er pågripen. Kvinna er alvorleg skadd og sendt til Haukeland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frakta til Haukeland
Litt over klokka 10 kunne politiet stadfesta at både offer og gjerningsmann jobbar på Compact.
- Dei andre tilsette hadde fått kontroll på gjerningsmannen då politiet kom til staden, seier politioverbetjent Ole Marius Røttingen.
«Os og Fusaposten» sin journalist på staden observerte gjerningsmannen då han var i politiets varetekt.
- Det var ein mann med kvit uniform, med mykje blod på kleda. Både han og offeret skal ha jobba på lageret. Kvinna vart køyrt med ambulanse til Haukeland, og ho er truleg bevisst, seier Kenneth Svenningsen.
Avhøyrer tilsette
Politiet gjer no tekniske undersøkingar på staden og utfører avhør.
- Veit politiet noko om motivet for angrepet?
- Nei. Gjerningsmannen er pågripen og vert avhøyrt. Dei andre tilsette vert også avhøyrde, så me vonar å få klarheit i dette, seier Rune Fimreite ved Os lensmannskontor.
Helsetilstanden
Helse Bergen la ut ein digital pressemelding litt før kl 11 i dag. Der står det at kvinna som var involvert er alvorleg skadd, og at det er snakk om ei kvinne som er 44 år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil ikkje uttala seg
«Os og Fusaposten» var litt over klokka 11 i dag i samtale med produksjonssjef Hallgeir Haugland. Han var då i samtale med politiet, og ville ikkje ut med om det er osingar involvert i knivstikking-episoden.
Lokalavisa har kjelder som seier at det har vore ein del innleigde arbeidarar på Compact den siste tida. Men om nokre av desse er involverte er det heller ikkje nokon som vil stadfesta eller avkrefta.