(
(

- Knivofferet (44) var svært heldig

- Det går mykje betre med vår kollega enn me alle hadde frykta, seier Compacten-direktør Per Henning Hamnes.

I går kveld fekk Hamnes gladmeldinga frå Haukeland sjukehus: Det går mykje betre enn frykta med kvinna som i går vart knivstukken med fleire stikk.

- Me fekk gode nyhende. Skadane ho er blitt påført var ikkje så ille som me alle trudde. Ho har vore svært heldig, seier Hamnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle dei tilsette vart i går bedne om å møta på jobb i dag for å bli orienterte om saka. På eit allmøte kunne Hamnes orienterte om den positive utviklinga.

I gang med produksjonen att

Deretter vart produksjonen sett i gang att.

- Me konkluderte med at det var riktig å stoppa produksjonen både i går formiddag og på ettermiddagsskiftet, men at det var like rett å setja i gang att produksjonen i dag. Det er framleis ein del av lokalet me ikkje kan bruka, pga. politisperring, men det hindrar oss ikkje i å produksjonen, seier Hamnes vidare.

Han seier at dei tilsette som følte behov har fått tilbod om ein ekstra samtale med fagpersonell i dag.