Klokka 10 slår farevarselet inn
Og til alle bilistar, køyr ekstremt forsiktig i dag!
Det er nokre veker sidan sist, men laurdag kveld vart det igjen sendt ut gult farevarsel for mykje regn for store delar av Vestlandet.
Varselet gjeld for størsteparten av Bjørnafjorden kommune, med unntak av ytste strøk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Farevarselet gjeld frå klokka 10 søndag føremiddag, til klokka 22 på kvelden.
I denne perioden er det venta så mykje som lokalt 50-70 mm nedbør.
Fare for skred
Mengda nedbør og stigande temperaturar aukar også faren for jord-, sørpe- og flaumskred.
NVE har sendt ut gult farevarsel som gjeld frå søndag klokka sju til måndag morgon. Med gjeldende prognose er midtre og indre strøk mest utsett.
Deira råd er å halda deg unna bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring.
Fare for utløysing av sørpeskred gjeld særleg i område med meir enn 50 cm snø. Sørpeskred vert løyste ut i relativt slake hellingar der det samlar seg vatn.
Skreda kanaliserast ofte ned forsenkningar og bekkeløp og kan då utvikla seg til flaumskred.
Ekstremt glatte vegar
Vegtrafikksentralen gjekk seint laurdag kveld ut med ei melding om mykje glatte vegar i Rogaland og Vestland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Problemet er underkjølt regn som frys på bakken. Noko som i Alver førte til at ein bil delvis enda i ei elv laurdag kveld.
Etter dette sende 110-sentralen ut ei åtvaring på X om «EKSTREMT GLATT FØRE».
Og ja, dei skreiv faktisk meldinga med store bokstavar.
Vegtrafikksentralen opplyser at strøbilar er ute og gjer tiltak, men at alle som er ute og køyrer må vera obs og køyra etter forholda.