Klipper snora aust om elvo
Søndag er det offisiell opning av Knutabruo med musikk og talar frå brukameratar.
Den såkalla Knutabruo, gangbrua som skal knyta saman aust- og vest-sida av Osmarka, er snart klar for opning. Søndag 25. oktober er datoen der ein kan gå tørrskodd over elva.
Snorklippinga står varaordførar Marie Bruarøy og Reidun Måkestad for, og "brukameratane" Knut-Jarle Aspenes og Peder Fløysand kjem til å halda tale.
Artikkelen held fram under annonsen.
Større enn dei trudde
Det er ikkje lov til å kryssa brua før snorklippinga er gjennomført. Turgåarar kan gleda seg over ei større bru enn kva som var planlagt.
- Med ei total lengde på 50 meter, derav 41,5 meter i fritt spenn, og ei høgde på 14 meter frå elva og opp, er brua blitt ein del større og dyrare enn me i utgangspunktet trudde, fortalte Fløysand til Os og Fusaposten tidlegare denne månaden.
På opningsdagen oppmodar brukameratane til å parkera ved Meny Industrivegen eller Amfi-senteret, då det ikkje er høve til å parkera på Tøsdal eller i Nordmarka.