Til dagen er det kona Tanya som kjem til å bli Dysvik Clothings andlet utad, men Kay André Dysvik kjem også til å jobba ein del i butikken.
Til dagen er det kona Tanya som kjem til å bli Dysvik Clothings andlet utad, men Kay André Dysvik kjem også til å jobba ein del i butikken.

Kledeleg innspurt for Dysvik Clothing

Butikkopninga har vore annonsert i månadsvis. Likevel er det travel innspurt for Dysvik Clothing.

- Det handlar om å ha alt klappa og klart, og i perfekt stand til opninga torsdag. Eg trur nok me kjem i mål til slutt, humrar Kay André Dysvik.

Han vedgår at det har vore travle veker den siste tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har pussa, måla og snikra. Elles har me fått ein del hjelp frå yrkesfaglege - berre osingar sjølvsagt. Me har faktisk berre brukt lokale krefter til alt. Slik skal det også vera, seier Kay André.

Kvar si avdeling

Vel ein månad etter at Os og Fusaposten første gong skreiv om det frisksatsande ekteparet er Kay André og Tanya nær klare for å presentera den nye butikken for osingane.

- Det står litt att. Me venter ein siste klede-leveranse frå Tyskland på onsdag. I tillegg må me få opp litt meir oppheng på ein av veggane, seier Kay André.

Endeleg blir det lys i dei gamle G-sport-lokala i Brugata igjen.
Endeleg blir det lys i dei gamle G-sport-lokala i Brugata igjen.

Han røper at han og kona nær sagt har fått kvar si avdeling.

- Ho har stått for innkjøpa til dame-kleda, medan eg har fått ansvaret for herrekleda. Utan å røpa for mykje kan eg seia at ho har handla inn mykje italiensk mote, medan eg satser på streetwear, fortel Dysvik.

- Så får me etter kvart sjå kven av oss som treff osingane best, humrar 33-åringen.

Ballongar og eplemost

Ekteparet har fått mange lukkeønskingar frå sambygdingane den siste tida.

- Det er tydeleg at osingane heiar på folk som set i gang med noko i Os sentrum. Eg får håpa me merkar støtta og interessa også på salet, seier Kay André.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til dagen jobbar han på Frank Mohn Fusa. Torsdag tek han fri.

- Ja, då køyrar me dobbelt skift, ler han.

Opingsdagen feirar dei med fingermat og eplemost.

- Det er ikkje berre eplemost. Det er verdas beste eplemost. I alle høve etter mi meining, konstaterer fusingen.