Klart for utbetring av Borgavegen
Som skuleveg har Borgavegen fleire gonger vore omtala som svært så skummel. No vert vegen utbetra.
Utbetringsprosjektet kjem i gang frå og med komande måndag. Frå då av vert Borgavegen stengd fram til fredag 1. desember.
- Me forstår at stenginga av Borgavegen kan føra til ulemper og utfordringar for alle som nyttar denne vegen til vanleg. Samstundes ber me om forståing for at dette utbetringsarbeidet skal gjera Borgavegen til ein tryggare og meir oversiktleg veg for både gåande og køyrande, seier prosjektansvarleg i Os kommune, Sirill Langhelle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vert utvida
Borgavegen er skuleveg for mange born, difor set Os kommune inn ektstra busstransport til og frå Nordmarka og Hjelle for elevar ved Os barneskule. Tilbodet kjem i tillegg til ordinær skuleskyss for 1. klassingane.
Utbetringa av vegen omfattar følgjande:
Vegutviding på enkelte plassar, vegrekkverk og nytt asfaltdekke. På ein del av plassane vil det vera sprengningsarbeid.