Klart for ungdomsmøte onsdag
Etter den siste tidas diskusjonar kring status for ungdomsarbeid og tiltak for ungdom i Os-bygda, inviterer kommunen til møte onsdag.
Etter den siste tidas diskusjonar kring status for ungdomsarbeid og tiltak for ungdom i Os-bygda, inviterer kommunen til møte onsdag.
Møtet vert halde i det gamle kommunehuset der Os Frivilligsentral held til.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Målet for møtet er å ta pulsen på korleis det er å vera ung i Os om dagen, opplyser kulturkonsulent Kjetil Osablod Grønvigh.
I denne omgang er det ikkje snakk om eit folkemøte eller ope møte, men eit møte der inviterte representantar for elevråd, politisk leiing, MOT, politiet, kultureininga, ungdomsrådet i Fusa og rådgjevarar ved skulane diskutera status og vegen vidare.
Ungdomskoordinatoren i Radøy, saman med ein ungdom frå ungdomsrådet i Radø,y er spesielt inviterte til møtet for å dela sine erfaringar.
jostein@osogfusa.no