Klart for storkommune-samling
I 2040 kan Bjørnefjorden kommune ha 56.000 innbyggjarar. I morgon møtest representantar frå dei aktuelle kommunane til ope møte om samanslåing.
I Oseana tysdag ettermiddag har kommunestyra i Os, Fusa, Tysnes og Austevoll felles møte for å få presentert ein ny rapport frå Telemarksforskning om kva konsekvensar det vil gje å slå saman kommunane.
- Austevoll, Fusa, Tysnes og Os har i fellesskap gitt Telemarksforsking i oppdrag å utgreia føresetnader for ein eventuell ny Bjørnefjordkommune, heiter det i saksutgreiinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Analysen omfattar følgjande alternativ:
1) Os/Fusa
2) Os/Fusa/Tysnes
3) Os/Fusa/Tysnes/Austevoll
4) Os/Tysnes
Ifølgje departementets kalkulator vil kommunane kring Bjørnefjorden - minus Os - få eit folketal på 16.200 innbyggjarar. Os kommune reknar sjølve med å telja 40.000 osingar i 2040, og ei samanslåing med kommunane kring Bjørnefjorden vil difor gje 56.000 innbyggjarar. Ut frå dagens kommunestorleik, ville Bjørnefjorden kommune vore landets 12. største kommune.
Ope ordskifte
Programmet for kvelden startar med at ordførar Terje Søviknes held ein introduksjon til emnet, før sjølve rapporten vert presentert. Deretter vert ordet gjeve fritt til medlemmer av kommunestyra, og til salen. Dei fire ordførarane får til slutt høve til å koma med sine kommentarar.