Klart for gjenforeining av svanefamilien
Mykje tyder på at morgondagen blir dagen då hamnesjefen for første gong kan få møta det nye kullet svaneungar.
Føresetnaden er at dyrlegen vurderer at helsetilstanden til svana no er god nok. Det opplyser Sølvi Bugge.
I så fall kan skodelystne osingar i morgon tidleg kl 8.15 få med seg den truleg rørande gjenforeininga.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Sist gong hamnsjefen var sjuk, låg svanemor heile dagen då hamnesjefen skulle sleppast fri, utanfor og venta. Som om ho visste at dette var dagen der dei skulle få sjå kvarandre att. Me er spente på om ho vil reagera på same måte no, seier Bugge.
Ved Rørleggeriet, der hamnesjefen har fått pleie, er det ikkje så god plass. Det blir difor tilrådd at dei som har lyst å sjå på, står på motsett side av Oselva.