Klart for gåsejakt på desse to stadane
Det er gitt løyve til skadefelling av grågås dei komande to vekene.
Politiet opplyser onsdag at det vil bli skadefelling av gås på Moberg rundt Ulvenvatnet sør for E39 og Reset på Haugland. Løyvet gjeld frå tysdag denne veka til og med 10. august.
Skadefellingsvedtaket er godkjent, og det vil vera fleire jegerar som er aktive i dette tidsrommet.