I morgon ettermiddag skal det lava ned att, seier vêrmeldinga.
I morgon ettermiddag skal det lava ned att, seier vêrmeldinga.

Klar for nytt snøfall?

Snøen skal lava ned i morgon. Teknisk vakt sender alle mann i arbeid, og ber folk om å vera varsame.

Ifølgje storm.no skal snøvêret ta til klokka 12 fredag, medan yr.no seier klokka 16. Dei to vêrvarslingstenestene er samde om at det skal lava ned ganske tett utover kvelden.

- Det gjekk veldig greitt når første snøfallet kom i går. Alle mann reiste på jobb så snart snøen viste seg, seier Torunn Paus, som sit på teknisk vakttelefon i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tenkjer på helse først

Dei er rundt 8 tilsette, og tillegg har dei ei rekkje eksterne firma og privatpersonar i sving når det tek til å bli kvitt i lufta.

- De prioriterer vel dei mest trafikkerte vegane først når de skal ut og brøyta i morgon kveld?

- Ja, men også vegane som er viktige av andre årsaker. Vegen til Luranetunet, legevakt, til ambulansen og til sjukeheimen er døme på det. Stader det er viktig at helsepersonell kan koma til og frå, seier Paus.

- Kva bør folk tenkja på no når det er meldt meir snø?

- Det er å hjelpa kvarandre - vera forsiktige. I påvente av at brøytemannskapet skal koma så må folk gjerne bruka strøsanden som står langs alle kommunale vegar.

Pass på ungane

Ho oppfordrar folk til å passa godt på ungane sine, bl.a. tenkja på trygge akebakkar.

- Me har fått melding om ungar som akar i bilvegen, der endestasjonen for aketuren var trafikkert veg. Ved eit tidlegare snøfall i desember skjedde det jo eit dødsfall ved ein liknande situasjon. Så folk må vera ekstra obs på det. Ikkje minst må bilistar vera ekstra tolmodige og observante, seier ho.

Trøbbel på Halhjem

Ho seier at teknisk vakt har hatt forholdsvis få telefonar frå publikum denne veka, og at det difor er truleg at det meste har gått greitt for seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen fortel om ein episode på Halhjem i går.

- Det var ein trailer som stod fast i bakken etter Halhjem ferjekai. Me var ute og dirrigerte trafikken ei stund før traileren kom seg opp, seier Hadler-Olsen.

Minusgradene kjem

For dei som er glade i snøen, kan det no sjå ut til at snøen som kjem i morgon vil bli liggjande ei veke framover! Det er meldt mellom 5 og 10 minusgrader sundag.