Koplar av: Jakob Enerhaug koplar av med å springa. Søndag skal han springa langt i den skotske hovudstaden Edinburgh.

Klar for eventyrleg løp i Edinburgh

I 2019 hang han som eit slips etter mellomste dotter Hanna. Søndag skal Jakob Enerhaug måla krefter med eldstedottera Elisabeth i Edinburgh marathon.

Den lokale KrF-politikaren frå Bjørnafjorden har teke seg ein liten vårferie i Skottland, men planen er ikkje berre å slappa av.

— Eg kombinerer besøk hos eldstedottera med litt god trim. Søndag skal både ho og eg delta i Edinburgh marathon, fortel Enerhaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elisabeth har studert i Skottland i fleire år. No er ho tilsett ved University of St. Andrews i Skottland der ho held på med ein doktorgrad i matematikk. Kystbyen St. Andrews ligg kring halvannan times køyretur frå den skotske hovudstaden.

Lokalpolitikaren er klar på at trim og springing er beste avkoplinga han kan få.

— Det er ikkje mykje ein tenkjer på lokalpolitikk når ein er ute og spring. I alle fall ikkje når ein har gleda av å kunna springa på heilt nye plassar og vera «turist», medan ein trenar, smiler 54-åringen.

Herleg å springa nye plassar

Jakob kom til Skottland tidleg denne veka. Tysdag var han på løpetur og lett oppvarming fram mot halvmaratonet, i kystbyen Aberdeen.

— Det er så kjekt å springa heilt nye plassar. Ein blir inspirert og lukkeleg, fortel Enerhaug over telefonen.

Komande søndag er han klar for det store springe-eventyret med Elisabeth.

— Eg har berre sprunge halvmaraton éin gong tidlegare. Då sprang eg Bergen City Maraton med mellomste dottera mi, Hanna. Ho var i langt betre form enn meg, så eg er spent på kvar eg står i forhold til Elisabeth, ler han.

Bergen City-løpet gjorde han unna i 2019. Gjennom koronaen og fram til i dag har han halde forma ok ved like.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg spring i fjell og på asfalt heime i Os. Eg får som regel minst tre gode økter i veka. Det er nok til å halda ting ved like, seier han.

— Kva er målet i Edinburgh på søndag?

— Elisabeth og eg er i ei gruppe som sikter oss inn på to og ein halv time. Så det kjem ikkje til å gå kjempefort, men me gler oss veldig. Det blir ei veldig fin oppleving. Eg gler meg til å springa i mål i sentrum av Edinburgh. Det blir spesielt, avsluttar den spreke 54-åringen.