Kjøpmann og patriot
Sidan i fjor sommar har May Boge halde liv i to bygder i Fusa. Saman med kompanjong Marta Bojarska sørgjer ho for at innbyggjarane i Holmefjord og Bogavik har god tilgang på deira daglege brød.
I juli i fjor opna nærbutikken i Holmefjord dørene att etter å ha vore stengt i meir enn 5 år. Bak nyopninga stod to damer som alt hadde hendene forholdsvis fulle.
- Eg har permisjon frå familieverksemda Boge List på ubestemt tid, fortel Boge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho og Bojarska arbeidde 50 prosent kvar hjå Bogavik Samyrkjelag. Duoen hadde lyst til å satsa meir på butikkverksemda, men hadde for lite å gjera til å sysselsetja begge to. Løysinga vart å opna endå ein nærbutikk - 7 kilometer unna.
- Det er ikkje så inntektsbringande å driva nærbutikk. Ein vert ikkje rik, seier Boge, som har drive nærbutikken på kaien i Bogavik sidan ho flytta heim i 2003.
37-åringen vart fleire gongar oppmoda om å ta over drifta i Holmefjord, men sjølv om det var ei freistande tanke, var ikkje tida rett. Før i fjor sommar.
- Eg hadde små barn og arbeidde åleine. Då Marta kom inn i biletet i 2011, vart det mykje meir aktuelt, seier ho.
Sosial møtestad
Bogavik Samyrkjelag har lege på same stad sidan 1948. På den tida var det mange som lagde tønner i området, dampbåten var innom frå tid til annan, og grunnlaget for å starta butikk var heilt klart til stades.
For å opna kolonial var ein nøydd til å ha kjøpmannsløyve. Det hadde ikkje Bogavik Samyrkjelag, og butikken vart starta som ein filial til butikken i Holmefjord.
- På ein måte har vi gått litt tilbake i tid. Dei to butikkane vert drivne under eitt, fortel Boge.
37-åringen tok over eigaransvaret for den 50 kvadratmeter store butik-ken i 2013. Butikken har ifølgje Boge, livets rett i sommarmånadene. Elles er det tøffe tak.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med kort veg mellom dei to arbeidsstadene, er det mange som undrar seg over kvifor ho ikkje berre stengjer den minste butikken. Det ville ha vore mykje meir lønsamt.
- Vi kunne sjølvsagt hatt vinterstengt eller ope berre to timar om da-gen, men folk er innom her kvar dag og drikk kaffi. Butikken er den ei-naste sosiale møtestaden i bygda, seier Boge.
Bygderivalar
Holmefjord og Bogavik vert frå gamalt av sett på som rivalar. Då May skulle opna butikk i nabobygda, var det fleire som spurte henne: Skal du verkeleg opna butikk i Holmefjord?
- Vi var litt spente på korleis vi kom til å verta mottekne, seier ho og ler.
I dag har dei to bygdene felles skule og idrettslag. Butikkdamene opp-daga fort at likskapstrekka var fleire.
- Folk er akkurat like hyggjelege engasjerte her som heime. I dagens samfunn er vi ikkje så flinke til å gå på besøk til kvarandre. Butikken er forumet vårt. Det er her vi diskuterer det som skjer og det som står i avisa, seier Boge.
Beate Holmefjord er titt og ofte innom nærbutikken i Holmefjord. Ho er veldig glad for at butikken er vorte del av dagleglivet i bygda igjen.
- Det er godt å kunna stikka ned på butikken når ein manglar noko. I tillegg er det utruleg kjekt for ungane å gå på butikken med handleliste og pengar. Borna lærer å finna fram og å rekna ut kva dei har råd til og ikkje, seier Holmefjord.
Artikkelen held fram under annonsen.
I fjor sommar og haust var ho vitne til fleire gledelege gjensyn mellom reolane.
- Det var mange som sa: Å så kjekt å sjå deg igjen, eg trur ikkje eg har sett deg sidan sist det var butikk her, fortel Holmefjord.
Treng trufaste kundar
Merkur-programmet er med på å halda liv i distriktsbutikkar rundt om kring i landet. Så langt i år har Merkur delt ut 13,9 millionar kroner gjennom støtteordningane programmet forvaltar på vegner av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Boge har dei to siste åra fått om lag 500.000 kroner i investeringsstøtte frå Merkur. Men for at nærbutikkane skal bestå, er ho avhengig av trufaste kundar.
- Eg kan vera patriot og idealist på min hals, men det hjelper lite om folk ikkje handlar her. Til sjuande og sist er det det som skal til, seier ho.
Ifølgje kjøpmannen er lokalbefolkninga og hyttefolket flinke. Enkelte er ekstremt patriotiske.
- Det hender at folk kjem innom og fortel at dei har vore i Bergen, og at ungane vart svoltne på veg heim. Vi vart nøydde til å stogga, seier dei. I sånne tilfelle får det heller gå greitt, seier ho og ler.
Kjøpmannen tek meir enn gjerne mot tips til kva ho skal selja i butik-ken.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi kan ikkje ta inn alt, men er det ting som folk kjøper jamleg, risike-rer ein at dei går andre stader for å få tak i det, og då er det lett for at dei handlar meir i same slengen. Det vil vi ikkje ha noko av, seier ho.
Mykje arbeid
Heilt sidan ho var lita, har butikken i Bogavik vore ein sjølvsagt del av kvardagen til May. Så sjølvsagt er butikkens eksistens for innbyggjarane på Bogøy, at då NRK vitja staden i april, og reporteren spurte May om ho ikkje skulle leggja ned den vesle butikken, reagerte sonen hennar på 9 år som følgjer:
- Mamma, har du sett på TV? Det var ein idiot på TV. Han spurte om du skulle leggja ned butikken, fortel Boge.
Reporteren er ikkje den første som har spurt om det same.
- Hadde eg vore litt fornuftig, hadde eg gjort akkurat det. Men å leggja ned butikken er ikkje eit alternativ i mitt hovud. Ein legg ikkje ned nær-butikken i bygda ein bur i. Det kan eg ikkje stå inne for, seier ho.
I verksemda er det om lag 3,5 årsverk. Alle dei fire butikkdamene arbeider litt på kvar stad. Det er bevisst.
- Målet er at butikkane skal oppfattast som ein og same butikk, og at dei tilsette skal verta kjent med innbyggjarane på kvar stad, seier Boge.
For henne handlar det meste ho gjer om verksemda. I utgangspunktet skal ho ha fri anna kvar laurdag, men det er ikkje alltid like lett å leggja bort arbeidet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nokre gongar tenkjer eg at eg har teke med vatn over hovudet, men det er jo hundre prosent sjølvvald. Dessutan, når eg ser folk som sit og pratar i lag på tvers av generasjonar utanfor butikkane, då tenkjer eg at det er verdt det, seier ho og smilar.