Politiet kjem til å patruljera hyttefelt og båthamner i forkant av påske og i påsken
– Vi ønskjer å førebyggja innbrot og tjuveri av båtmotorar, seier politioverbetjent i Bjørnafjorden og Austevoll lensmannsdistrikt, Anne Lyssand.
Tysdag informerte statsminister Erna Solberg om at regjeringas tiltak for å hindra spreiing av koronasmitte held fram til over påske. Det betyr også at det mykje omtalte hytteforbodet held fram. Altså at ein ikkje har lov til å opphalda seg på hytta (ikkje overnatta), dersom hytta ligg i ein annan kommune enn heimkommunen.
Dermed kjem mange hytter til å stå tome i vekene framover, også i det som truleg er den aller viktigaste hyttehøgtida, påsken.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Mange hytter vert ståande utan ettersyn. Difor kjem politipatruljen til å prioritera å sjå etter hyttefelt, påbygde naust og andre fritidseigedomar, samt båthamner. Dette for å førebyggja innbrot og tjuveri av båtmotorar, opplyser Lyssand.
Allereie i førre veke vitja politiet fleire hyttefelt og hamner i kommunen. Arbeidet kjem til å halde fram til over påske. Altså til 13. april i første omgang.
– Vi ønskjer å leggja ned ein ekstra innsats på dette feltet, seier Lyssand.