Her ved Nore Fusa skule har politiet alt hatt trafikkontroll. (Arkivfoto)
Her ved Nore Fusa skule har politiet alt hatt trafikkontroll. (Arkivfoto)

Kjem snart til ein skule nær deg!

Politiet i Fusa har så langt hatt fartskontrollar ved skulane på Vinnes og i Holmefjord. - Det blir fleire, lovar politiførstebetjent Ove Ivarhus.

Etter skulestart har politiet i Fusa, i likskap med andre norske lensmannskontor, hatt særskilt fokus på trafikk og skulestart. Så langt er det gjennomført trafikk-kontrollar på Vinnes og i Holmefjord.

- Det har heldigvis vore fin køyring og fin framferd av både elevar og bilførarar, seier politiførstebetjent Ove Ivarhus, som hittil berre har delt ut med nokre få munnlege pålegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi vil også vera tilstades framover. Då gjerne ved skulestart og skuleslutt for dei minste, legg han til.

Promille

Ein bilførar vart onsdag stogga ved Gjermundshamn etter mistanke om manglande førarkort og køyring i påverka tilstand.

Føraren, ein godt vaksen mann, vart teken med til legevakta for å avleggja blodprøve, og er meld for begge forhalda.