Kjem med råd og tips før det kraftige vêromslaget
– Gjer plass for smeltevatnet.
Frå søndag kveld er det meldt varmegrader og mykje regn. Det betyr at store mengder snø kjem til å smelta på kort tid, konstaterer kommunen på sine heimesider.
Her har dei også lista opp fleire råd til korleis du kan førebu deg på veret og snøsmeltinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
* Fjern snø og is som ligg over slukar og kumlokk, slik at vatnet blir ført vekk når mildvêret kjem.
* Lag renner i isen/snøen der vatnet kan bli ført vekk frå gardsplassar og innkøyrsler.
* Sørg for at smeltevatn ikkje blir liggande inn mot grunnmuren. Slik unngår du fuktskadar.
* Sjekk takrenner og nedløpsrør, slik at smeltevatnet blir ført vekk frå huset.
* Måk av terrasse og eventuelle tak. Våt snø er tung.
* Sjekk gjerne at slukane i nabolaget ditt er opne. Både kommunale og innleigde brøytefolk står på det dei kan, men dei når ikkje over alt.
* Har du ein nabo som av ein eller annan grunn ikkje kan sjekka eigne slukar og renner? Kanskje du har tid og kapasitet til å gi ei hand?
Tipsa har dei lånt frå heimesida til Bergen kommune.