Mannskap frå Os rykte ut: Kismulvegen stengt på grunn av brann
Det pågår ettersløkkjing i eit bygg eigd av Fana bogeskyttarklubb.
Klokka 16.55 vart det meldt om brann i eit bygg ved Fana bogeskyttarklubb.
Mannskap frå Bjørnafjorden brann og redning rykte ut med ein tankbil og bistår kollegaene frå Fana stasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein halvtime seinare melde politiet på Twitter at det er ei trebrakke som brenn, og at det er full overtenning.
No etter klokka 18 pågår det ettersløkkjing og det er ikkje fare for spreiing.
Ingen personar skal vera komne til skade.
Leiar i Fana bogeskyttarklubb, Kjerstin Hoff, var på staden då det tok til å brenna. Ho fortel til BT at det tok fyr i eit aggregat.
— Vi prøvde å sløkkja brannen, men det gjekk altfor fort.
Kismulvegen på staden er stengt.