— Det er ei forferdeleg skremmande oppleving
I løpet av første veka etter at nyevegen opna, skal det ha vore tre tilfelle av bilar som køyrer mot køyreretninga.
To av tilfella har me skrive om tidlegare.
Det siste tilfellet skal ha skjedd fredag ettermiddag. Avisa har snakka med bilisten som opplevde å få ein bil i mot i sitt køyrefelt denne ettermiddagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Prosjektleiaren på E39 Svegatjørn-Rådal, Kelly Iversen, vedgår at slike hendingar er det dei fryktar mest på slike vegar.
— Eg skjønar godt at folk skvett til når det plutseleg kjem bil i mot i eige køyrefelt. Det er ei forferdeleg skremmande oppleving, seier Iversen.
— Det skal ikkje skje, men det gjer det dessverre likevel. Det eg kan seia, er at varslingssystema våre fungerer godt og at tiltak vert sette i verk med ein gong det vert registrert ein bil på veg inn i feil retning på motorvegen, fortel Iversen.
— Kva skjer?
— Trafikken vert leidd over i høgre felt, og anten vert venstre felt eller så vert heile tunnelen stengd, fortel Iversen.
Fleire nesten-tilfelle
Det er Vegtrafikksentralen som har oversikt over kor mange tilfelle av køyring mot påboden køyreretning det har vore på nyevegen til no, men Iversen kan stadfesta at det også har vore ein del nesten-tilfelle.
— Eg har sett videoar av bilistar som har køyrd motsett veg inn på motorvegrampa, men som har klart å svinga av og køyra rett veg etter at dei har sett det store STOPP-skiltet som viser at dei er på feil veg, fortel ho.
Ho vil ikkje gå inn på om tilfella har vore i Rådal, Endelausmarka eller ved Svegatjørn, men ho meiner det ikkje skal stå på skiltinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Om ein kjem til feil påkøyringsrampe, vil ein først møta på to innkøyring forbode-skilt heilt i starten. Om ein trass i desse skilta, held fram inn på påkøyringsrampa, vil det vera to større, firkanta skilt med «STOPP» på. Desse skal vera svært vanskeleg å ikkje få med seg, og det er nok dei som har «vekt» dei som har vore nære på å ta inn på motorvegen i feil retning, seier Iversen.
Slik skal ein gjera
Ho har klare instruksjonar til dei som likevel skulle hamna i feil retning på motorvegen.
— Køyr inn på næraste havarilomme. Finn naudtelefonen. Her vil ein koma i direkte kontakt med Vegtrafikksentralen og få vidare instruksar, fortel Iversen.
— Kva skjer vidare?
— Anten vert eitt felt eller så vert heile vegen stengd. Om vegen vert heilt stengd, vil ein få beskjed om å snu bilen og køyra ut i rett retning. Elles vil ein få melding om å bli i havarilomma til hjelpa kjem, seier Iversen.
— Er det noko ein absolutt ikkje må gjera?
— Ja, ein skal ikkje snu i tunnelen utan å ha fått melding om dette. Då kan det gå frykteleg gale. Nyleg hadde me eit tilfelle i Operatunnelen i Oslo som dessverre enda med ei dødsulukke, fortel Iversen.
Ho legg til at både varslingssystemet og vegforholda på Svegatjørn-Rådal er langt betre enn i Operatunnelen og andre tofelts motorvegtunnelar i landet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Fordelen med Skogafjellstunnelen og Lyshorntunnelen er at vegen er rett og oversiktleg. Ein vil tidleg kunna oppdaga om det kjem trafikk i mot og kan leggja seg over i det andre feltet, seier Iversen.