Kasta hamburgar på politiet
Ei kvinne i midten av 20-åra kasta ein hamburgar på frontruten av ein politibil i Os sentrum i natt. Etterpå la på sprang for å koma seg unna.
- Kvinna blei henta inn av patruljen. Ho blei konfrontert, men ville ikkje seia kvifor ho hadde kasta hamburgaren. Kvinna erkjente straffskuld, og vil bli meldt for dette. Kvinna vil få eit førelegg frå politiet, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Morten Kronen.
- Kor mykje må ein ut med for å kasta hamburgar på ein politibil?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er det opp til ein jurist å vurdera, men at det blir nokre tusenlappar, er no heilt sikkert, seier Kronen.