Kantina er gull for miljøet
Meir ro i gangane, blide elevar og eit yrande sosialt liv er resultatet etter to og eit halvt år med kantine ved Os ungdomsskule.
- Kantina har utan tvil vore gull for miljøet vårt, seier ein strålande blid Sturle Lekven. Assisterande rektor er ofte i kantina for å handla seg lunsj.
Det er også tiandeklassing Lars Ivar Nyhus som hentar dagens måltid i kassen: Påsmurt grov baguette.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter to år med heimesmurt niste, masa han seg til eige abonnement frå i haust av.
- Eg måtte masa litt heime, men eg er supernøgd med å få mat her. Maten er veldig god, smiler han.
Elevane betaler mellom 1.900 og 2.300 kroner for eit halvårleg abonnement på dagens måltid. Menyen viser eit variert kosthald med alt frå taco-tysdag til laks.
- Og er det noko vi ikkje liker, så smører Turid ein baguette til oss, seier Lars Ivar.
Allergi
- Ja, eg er grei sånn, seier kantinesjef Turid Leikvoll Hjelle og ler.
- Eg greier ikkje å sjå på at nokon ikkje får i seg mat. Då smører eg heller på eit rundstykke med noko dei liker, så sant det ikkje glir heilt ut, seier ho.
Og er du allergisk, eller held deg unna svinekjøt, er heller ikkje det noko problem. I kantina lagar dei både gluten- og laktosefri mat.
- Vi tek rett og slett omsyn til kva elevar vi har og kva dei treng, seier Turid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Abonnement eller niste?
Bordet til Lars Ivar er fullt opp av gutar frå tiande klasse. Stemninga er god og maten går ned på høgkant.
Ein som stiller med niste, er Jonas Hodneland Sundfjord. Han har gått motsett veg av Lars Ivar, og gått frå abonnement til heimelaga.
- Det er ikkje fordi eg ikkje liker maten her. Den er kjempegod, men eg tenkte berre eg kunne prøve med niste igjen, seier han.
Begge gutane og dei andre kompisane er likevel samde om at kantina er enormt viktig.
- Det er noko heilt anna å sitja rundt eit bord og snakka med kvarandre, enn å sitja bak kvarandre i eit klasserom, seier Jonas.
Steffen Kvamsdal nikkar.
- Og så prøver vi å passa på at ingen vert sitjande åleine. Då set vi oss heller ned med vedkomande, seier han.
Sjølv om dei ofte hamnar på det same bordet, er det ikkje faste plassar og fare for å verta jaga vekk.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nei, du kan setja deg nett der du vil, seier Steffen.
Elevar i arbeid
Ute på kjøkenet er nokre elevar i full sving med å smørja baguettar og stabla yoghurt. To gonger i året søkjer skulen etter om lag 20 kantinemedarbeidarar. Kvar veke arbeider dei eit par timar i kantina, fordelt på ulike arbeidslag. Premien er arbeidserfaring, attest og rabattar i kantina.
- Eg får nye kollegaer heile tida, og ser kor dei utviklar seg til å bli skikkeleg dyktige i jobben sin. Av og til tenkjer eg at eigentleg ikkje hadde trengt å vera her, ler Turid.
Med om lag 400 elevar pluss ein haug med vaksne som bruker kantina kvar dag, seier det seg sjølv at hygiene og reinhald er viktig. Kantinemedarbeidarane går alle med oppsett hår og arbeider med hanskar.
- Og blir det for ille, så sender Turid oss rundt med vaskebøtte og klut, ler Sturle og nyttar høvet til å skryta av elevane sine.
- Dei ofrar seg for fellesskapet, og gjer ein kjempeinnsats. Det hadde ikkje gått utan dei, seier han.
Bra for miljøet
Elevane et på skift. Frå kl. 11 til 11.20 er det tiandeklasse og to av fire niandeklassar som inntek kantina. Dei neste 20 minutta kjem resten.
I dag, fredag, er det til og med musikk til maten. Over anlegget dundrar det i heftige rytmar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Korleis merkar de at miljøet er blitt betre etter de fekk kantine?
- Det er blitt mykje rolegare i gangane. I staden for å driva rundt, så har elevane ein stad å samlast. Vi ser også at elevane et betre, noko som påverkar både humør og konsentrasjon. Og ikkje minst er det eit sosialt samlingspunkt. Kantina vår er gull, seier Sturle Lekven.