Kan klara direkte opprykk med begge laga
Nore Neset 2 grusa Nubben 10-0 i helga. No ligg dei fire poeng bak serieleiar, Bjarg 3, som dei møter i helga.
Benjamin Søgnen Olsen
benjamin@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
- Om me slår Bjarg 3, og vinn siste kamp, samstundes som Bjarg 3 ikkje vinn si siste kamp, så tek me førsteplassen i avdelinga, seier Arne Sælensminde, som er trenar for både første og andrelaget til Nore Neset.
Trur ikkje dei tapar to på rad
Han har eigentleg ikkje tru på at Bjarg 3 skal tapa to på rad, men han seier at Nore Neset 2 må jobba for direkte opprykk så lenge sjansen er der. Søndag stilte dei med eit sterkare lag enn til vanleg, då førstelaget alt er klare for opprykk.
Alle spelarane er viktige
I fjor tapte Søre Neset A-lag, som no er ein del av Nore Neset, kvaliken for Valestrand Hjellvik 2. Sistnemnde hadde då ei rekkje A-lagsspelarar med på laget, fordi dei hadde spelt minimum fem andrelagskampar gjennom året.
Dette er noko av grunnen til at Nore Neset dei siste rundane nyttar A-lagsspelarar på andrelaget.
- Men dei meir "faste andrelagsspelarane" bidrog vel så mykje som dei andre. Alle spelarane vert viktige om me skal sikra opprykk også for andrelaget, seier Sælensminde.
Fin sjanse for juniorar og gutespelarar
Førstelaget spelar fredag, medan Nore Neset 2 sitt toppoppgjer går av stabelen søndag. Førstelaget vert ikkje heilt nedprioritert, men trenaren vil sleppa til nokre av talenta i klubben, som kanskje ikkje hadde fått spelt kampen om det stod om opprykk.
- Det er ein stor utfordring å velga kven som skal spela på første og andrelaget i helga. Førstelaget blir ikkje hundre prosent nedprioritert, for me ønskjer å oppretthalda den gode statistikken. Likevel, vil me nok sleppa til nokre juniorar og guttespelarar. Det vert ein fin utfordring for dei. For Mathopen er eit bra fotballag, seier Sælensminde.
Målskårarar søndag: Emilis Zilinskas 3, Tore Tveit 3, Håvard Thomassen 2, og Audun Røren og Aleksander Havsgård skåra eitt kvar.