Kan John-Erik Nygaard krona eit godt poker-år?
24-åringen frå Os tevlar om å vinna tidenes første offisielle noregsmeisterskap i poker på norsk jord.
Tidlegare i år tok Nygaard ein solid 13. plass i NM i Dubil, der han konkurrerte mot over 12.000 pokerspelarar. Då sat han att med mellom 80.000 og 90.000 kroner i premiepengar. Om han klarer å utkonkurrera alle, og stå att som vinnar i main event i Oslo, vil det vera snakk om mykje større summar.
- Om me bikkar 2.000 deltakarar, vil 1. plass få 1.500.000 kroner, seier Nygaard.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg kan tenkja meg at det freistar?
- Sjølvsagt, men det er utruleg mykje jobb fram til dit. Eg har eigentleg ikkje dei heilt store ambisjonane for denne meisterskapen, seier Nygaard.
Med så mange deltakarar er ein avhengig av litt flaks for å nå heilt til topps.
- Samstundes er det mange spelarar som ikkje har så lang erfaring. Det er ein del å henta på å sjå an spelarane og gå for dei som tydeleg er urutinerte, seier Nygaard.
Vann billett via vestlandsmeisterskapen
Osingen hadde eigentleg ikkje billett, men då han tok 5. plass i vestlandsmeisterskapen for nokre veker sidan, vann han ein inngangsbillett til main event i Oslo, og ein billett til turbo-turneringa som går av stabelen søndag.
- Det er ikkje sikkert at eg kjem til å delta i turbo-turneringa. Det kjem heilt an på korleis det går i main event, seier Nygaard.
Første pulje starta i går. Andre pulje startar i dag, og siste pulje i main event er i gang i morgon. Om Nygaard overlever i dag, får han ein kviledag i morgon, før alvoret er i gang att søndag.
På bord med Morten Langli
Klokka 13.00 i dag starta Nygaards veg mot NM-tittelen. Han reknar med at det blir ein lang dag ved pokerbordet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me kjem nok til å halda på til i 23-24-tida i kveld. Det blir nok tilsvarande lange dagar fram til finalen tysdag, for dei som når så langt, seier Nygaard, som saknar det våte Vestlandet.
- Eg har vore her sidan 09.00 i morges. Eg fekk sjokk når eg kom ut av flyet og det var elleve minusgrader. Heime var det plussgrader når eg reiste, seier Nygaard.
Siste melding me fekk frå pokerspelaren var at han låg litt under det han starta med i sjetongar, og at han var på bord med Morten Langli, kjend som blant anna fotballkommentator.