Kan forstå at folk er nysgjerrige
- I ung alder følgde eg med sjølv. I dag bryr eg meg ikkje, seier mannen som ligg på formuetoppen i Os, Espen Aspenes.
At han snakkar sant, er det liten tvil om. Då «Os og Fusaposten» ringde han fredag føremiddag, var han ikkje ein gong klar over at dette var dagen då skattetala vart offentleggjort.
- Eg veit jo at det er i oktober ein gong, men det er ikkje ein dato eg merkar meg i almanakken, humrar Aspenes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han var sjølv på ei messe i Oslo, og hadde slett ikkje tenkt å kikka på andre personars inntekt og formue.
- Nei, det har eg ikkje tid til i dag. Og ikkje hadde eg gjort det om eg hadde hatt tid heller, ler Aspenes, som sjølv tronar på formuetoppen i Os med 145.756.365 kroner.
Van med det
Millionæren frå Os har trona lenge i toppen av inntekts- og formue-listene i Os, og er blitt van med merksemda kring offentliggjering av skattetala.
- Eg synest primært at slike tal og opplysningar bør vera ei privatsak, men eg kan jo også skjøna at folk har interesse av å vita, seier han.
Noko lattermild vedgår han at han også har vore ein "kikkar".
- Som ung og framadstormande forretningsmann var eg nok meir oppteken av slike ting. Jaudå, eg kan ikkje lyga på meg at eg ikkje har kikka på andres tal og intekter, humrar Aspenes.
Betre med åra
Inntil for to år sidan kunne folk fritt sjekka naboens inntekter utan at nokon fekk det med seg. I dag er det mogleg å sjå kven som har sjekka eins eigne tal.
- Det meiner eg har gjort det betre. Det er heller ikkje fullt så hausa opp i media no som tidlegare, seier Aspenes.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg las forresten her om dagen at søka på skattelistene var gått ned frå 18 millionar til 2 millionar etter innstraminga. Det viser at ein ikkje alltid vil vedgå å vera nysgjerrig, seier Aspenes.
Liker ikkje formueskatt
Aspenes skattar godt over 2,6 millionar kroner til Os kommune kvart år. Det gjer han ikkje med glede.
- Eg skattar med største sjølvfølgje for inntekta mi (i overkant av 4,3 millioner kroner). Men mykje av skatten min i Os er formuesskatt. Då skattar eg altså for maskinar, bygg og utstyr. Det synest eg er urimeleg å skulla skatta for. Eg veit om næringslivskollegaer som har måtte ta opp lån for å betala formueskatten sin. Då er det noko galt, meiner Aspenes.
- Du har lege på formuetoppen i Os i fleire år, er det noko gjævt ved det? Er det noko du ser på som status?
- Nei, det er ikkje noko eg solar meg i glansen av. Eg er nøgd med at "butikken" min går bra, og at eg gjer det greit i næringslivet generelt, men at eg ligg på toppen av ei liste i Os, er ikkje noko eg er oppteken av. Tvert imot vert det mykje unødig merksemd, seier Aspenes.
- Som dette intervjuet her?
- Hehe, ja, som dette intervjuet her.