Grunnen til at Skatt Vest ikkje lenger vil gje momskompensasjon, er at dei meiner internatskulen på Kongshaug ikkje er ein rett elevane har.
Grunnen til at Skatt Vest ikkje lenger vil gje momskompensasjon, er at dei meiner internatskulen på Kongshaug ikkje er ein rett elevane har.

Kan få ekstrarekning på 6 millionar "over natta"

Skatt Vest har varsla Kongshaug Musikkgymnas om mogleg oppheving av momskompensasjon. I verste fall kan det gje ekstrarekning på 6 millionar kroner.

Jostein Halland

Artikkelen held fram under annonsen.

jostein@osogfusa.no

Grunnen til at Skatt Vest ikkje lenger vil gje momskompensasjon, er at dei meiner internatskulen ikkje er ein rett elevane har, i motsetnad til barnehagar, sjukeheimar og andre lovpålagde ordningar for kommunar og fylkeskommunar.

Skatt Vest vil følgjeleg ikkje tilbakebetala momsen som skulen har betalt inn i samband med utvidinga av internatet. Dermed mister Kongshaug musikkgymnas 1,2 millionar kroner. Skatteetaten har også varsla at dei kan krevja at skulen tilbakebetaler moms for dei siste ti åra. Ifølge skulens utrekningar vil dette gje skulen ei ekstrarekning på 5 millionar kroner.

Rektor ved Kongshaug Musikkgymnas, Oddvar Rotvik, reagerer sterkt på meldinga frå Skatt Vest. (Arkivfoto)
Rektor ved Kongshaug Musikkgymnas, Oddvar Rotvik, reagerer sterkt på meldinga frå Skatt Vest. (Arkivfoto)

Sterke reaksjonar

Rektor ved Kongshaug Musikkgymnas, Oddvar Rotvik, reagerer sterkt på meldinga frå Skatt Vest.

- Skatt Vest har kome fram til dette etter å ha konferert med Skattedirektoratet, som i et skriv datert 25. november har tolka ei 10 år gamal lovendring på ein ny måte. Og ikkje nok med det. Som ein følgje av lovendringa om meirverdiavgiftskompensasjon som kom i 2005, gjev ein vedtaket ei tilbakeverkande kraft på 10 år, kommenterer Rotvik og held fram:

- Dette vil påføra Kongshaug ei ekstrarekning på kring 6 millionar kroner over natta. Slikt går bare ikkje an.

Hadde aldri eksistert

Rotvik reagerer på at "eit vedtak som krev månaders gransking for å avklara lovtolkinga av", vert gjeve tilbakeverkande kraft.

- I tillegg baserer lovtolkinga seg på eit prinsipp om at undervising er ei lovpålagt oppgave, medan det å driva internat ikkje er det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rotvik meiner dei fleste av skulane som er oppretta med heimel i Privatskoleloven, Friskoleloven eller Folkehøyskoleloven aldri hadde eksistert viss ikkje dei samstundes med skuletilbodet hadde gjeve eleven ein stad å bu.

- Det er jo nettopp det som er internatskulanes store fortrinn. Dei ivaretek i mange tilfelle elevar som uansett måtte ha flytta heimanfrå for å gå på vidaregåande skule.

Avlastar fylkeskommunane

Rektoren meiner vidare at dei kristne friskulane med internat er med på å avlasta fylkeskommunanes ansvar for å oppretta eit tilsvarande tilbod.

- Det bør det offentlege vera takknemleg for, og ikkje straffa oss med ekstra kostnader og ulike reglar for offentlege og private skular, seier Rotvik.

Han legg til at borna på friskular sparer det offentlege for 15 prosent av elevkostnaden kvart år.

- Hos oss utgjer det kr 25.500 per år. Dersom dei same foreldra no skal belastast for meirverdiavgift på mat, straum og investeringar til elevens beste, verker dette heilt urimeleg. Det er berre nok ein måte å strupa verksemda til kristne friskular.