Kan bli eit framtidsretta fyrtårn
- Vi treng eit Silicon Valley for framtidas energi på Vestlandet, og Lyseparken kan bli eit slikt høgteknologisk kunnskapssenter, meiner Kari-Lill Fredriksen.
I eit lesarinnlegg iBT nyleg, skisserer Fredriksen sin framtidsvisjon for Lyseparken. Ho ser for seg Lyseparken som ei kunnskapsklyngje for fornybar energi, både regionalt og nasjonalt - men også med ambisjonar om å trekkja til seg store internasjonale gründerselskap.
Kari-Lill Fredriksen voks opp i Åsen, der den framtidige Lyseparken kjem. Og ho ser gjerne at staden blir ein ny Silicon Valley, der ein satsar på framtidas energiløysingar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Silicon Valley - Silisiumsdalen på norsk - ligg i delstaten Calfornia. Staden fekk namnet på grunn av produksjonen av mikrobrikker m.m., der silisium er ein viktig del. Det utvikla seg til å bli IT-bransjens navle.
Vestlandet kan ta leiinga
Fredriksen meiner at det er få stader i Noreg som har eit like godt utgangspunkt som bergensregionen når det gjeld å ta leiinga i utviklinga av eit utsleppsfritt samfunn.
I framtidsvisjonen sin peikar ho på at med Universitetet i Bergen, Norges Handelshøyskole, Høgskulen i Bergen og fleire andre forskingsinstitusjonar i og rundt Bergen, vil Lyseparken ha potensiale til å bli leiande innan forsking av nye energiløysingar for framtida.
Førarlause bilar
Ho ser også for seg at det kan byggjast pilotvegar for framtidas bilar i regionen vår, inkludert førarlause bilar.
- Er det eit realistisk scenario å nytta førarlause bilar på den nye ferjefrie kyststamvegen med bru over Bjørnafjorden?
- Førarlause bilar er alt ein realitet for alle typar vegar, både i byar og over bruer. Det er mange selskap som i dag jobbar med denne teknologien slik som Apple, Google og Uber - i tillegg til alle dei store bilprodusentane. Hovedutfordringa ved førarlause bilar er knytt til lovregulering og infrastruktur, seier Fredriksen. Og legg til:
- Poenget mitt er at framtida representerer noko heilt nytt, og moglegheitene er uendelege når ein først byrjar sjå inn i marknadstrendene som kjem. Det handlar ikkje berre om teknologi, men også om ein meir berekraftig måte å leva på gjennom innovative løysingar.
Sjølvlysande gangveg
- I innlegget ditt nemner du også solcellebelagt gang- og sykkelvegar. Kva går det ut på?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det betyr at vegen sjølv vil sørgja for lys. Det er også meir energieffektivt enn til dømes å ha solcellepanel på ein stolpe, ettersom lyset kjem nærare der behovet er. Solceller i vegen kan gi kraft til transport på vegen, og kan også gi rom for kunstutformingar, slik dei til dømes har gjort i Nederland, forklarer ho.
- Dette er alt ein realitet, og vil bli ein del av framtidsløysinga. Statens Vegvesen burde difor ha dette på agendaen sin alt no. Det ville vore unikt for Lyseparken om ein fekk vera med på ei slik framtidsretta utfordring, legg ho til.
Teknisk Ukeblad har tidlegare omtalt ein slik gangveg i Nederland. Les saka her:Denne sykkelvegen produserer straum.
- Må vera framtidsretta
Som privat aktør i Lyseparken, og medeigar i nyetablerte Fredriksen eiendom og utvikling AS, er ho også svært oppteken av framtidsretta og smarte byggteknikkar når nye bustadområde skal etablerast.
- Vi kan sjå for oss at bustadområde i Lyseparken vert eit pilotprosjekt for nye, framtidsretta byggjeteknikkar i Noreg. Vi bør sjå på moglegheiter som når lenger enn det vi kjenner til. I dag er til dømes The Edge i Amsterdam offisielt den grønaste bygningen i verda - dette bør vi strekka oss mot, meiner Fredriksen.
Både nærings- og bustadområda bør vera sjølvforsynte med samansett fornybar kraft.
- Dette skjer alt fleire stadar i Europa. Framtida kjem og Lyseparken gir ein unik moglegheit for lokalsamfunnet, i lag med regionen, til å liggja i forkant dersom framtidsnæringa får eit etablert sentrum her, hevdar ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg trur også at det er viktig at de yngre generasjonane blir spurt og høyrt når det kjem til avgjerder som skal bli deira framtid, seier Kari-Lill Fredriksen.
- Og kvifor skal ikkje Vestlandet leia an i utviklinga av ny teknologi og fornybare energiressursar, spør ho seg. - Landsdelen har den største shippingandelen i Noreg, og nest største tonnasje i verda. Saman med verftsindustrien kan ein utvikla skip med lågare utsleppsnivå, seier ho.
- Planlegginga må starta no!
Me tek ein telefon til ein av Os-politikarane frå Lysefjorden, Susanne Sperrevik (H), for å høyra kva tankar ho gjer seg om visjonane for Lysefjorden.
- Det eg synest er mest interessant med innlegget til Fredriksen er at ho går på banen som privat aktør. Det er viktig, for det er lett å gløyma at arealet til det kommunalt eigde Lyseparken AS, berre er ein liten del av det store arealet i Endelausmarka som blir frigjort til industri, handel og bustad i samband med utbygging av E39. Den største delen av arealet er i private hender (privatpersonar, eller privateigde selskap), og det er etter mi meining utruleg viktig at desse blir tekne med i planane når heile området skal utviklast.
- Støttar du tanken om å gjera Lyseparken til eit grønt fyrtårn?
- Ja, eg er heilt enig med Kari-Lill Fredriksen i at det må leggjast til rettes for ei grøn utvikling av området, og planlegginga må starta no!
Sperrevik meiner at ved å leggja til rette for nullutslepp - eller endå betre, produsera overskotsenergi tilbake til nettet - vil området bli endå meir attraktivt for kjøparar og leigetakarar om det vert gjort på ein kostnadseffektiv måte.
- Ei klar satsing på slike prosjekt som viser at området har ein grøn profil, vil gjera det lettere å få fornybarbransjen og andre grøne leigetakere til å ønska å etablera seg her, seier Susanne Sperrevik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho håpar at dei involverte aktørane i Lysparken alt er i gang med å evaluera kost/nytte, og eventuelt leggja felles planar for ein grøn infrastruktur i heile området.
- Solceller til å produsera straum, solfangarar - gjerne i kombinasjon med varemagasinering i undergrunnen, pumping av sjøvatn frå fjorden for å kjøla ned bygningsmasse, fjernvarme frå Rådalen i samband med bygging av ny veg, er noko av det ho ser for seg.
Mykje på gang
Sperrevik viser til at det alt er mange spennande prosjekt på gang i Bergens-området. Rieber Eiendom finn det til dømes svært lønsamt å kjøla ned bygningsmassen sin ved hjelp av eit kjøleanlegg basert på sjøvatn som dei pumpar opp 2.5 km frå byfjorden (tilsvarende distanse vi snakkar om mellom Lysefjorden og dei nye næringsområda). Bustadprosjektet Zero Village Bergen er under planlegging i Blomsterdalen, og den nye landsbyen med 800 bustader skal produsera meir energi enn dei bruker.
- Vi må våga å vera visjonære, vi må utnytta og gjerne utvikla teknologi, og de ulike aktørane må samarbeida og dela idear for å få best resultat, seier ho.