Andre fora: Mikal Leigland (Sp) meiner onsdagens Frp-utspel ikkje har noko med realpolitikk å gjera.

Kallar Frp-utspel populistisk: - Gagnar ikkje nødvendigvis saka

– Det har ingenting med realpolitikk å gjera, seier varaordførar Mikal Leigland (Sp).

I ein artikkel i Os & Fusaposten onsdag uttalte Terje Søviknes (Frp) og stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) at det framleis er håp om ei tobomsløying på sidevegane til E39, men at då må stortingsfleirtalet samla seg om representantforslaget som Njåstad og Silje Hjemdal (Frp) lanserte i mai.

– Ein må hugsa på at det var Søviknes som gjekk i bresjen for denne bompengepakken i si tid. Han sat dessuten i ei regjering der Frp hadde samferdsleministeren i 2 1/2 år, utan at det vart gjort noko, seier Leigland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fryktar for arbeidsplassen: - Du skal selja mange softis for å ta inn ein slik prisauke
Les også
Næringslivet på Søfteland fryktar bompengar: Linda Andersen hadde ei høne å plukka med Sylvi Listhaug og resten av følgjet

Varaordføraren, som fungerer som ordførar no når Trine Lindborg (Ap) er på ferie, karakteriserer onsdagens utspel som eit «populistisk utspel for å få merksemd og støtte».

– Frimodigheitas nådegave har inga avgrensing, kommenterer han.

Slik Leigland ser det, har utspelet ingenting med realpolitikk å gjera.

– Realpolitikken skjer i andre fora, gjennom partia og i departementa.

Leigland meiner utspelet ikkje nødvendigvis gagnar saka. Han hevdar at Frp veit at dei ikkje kjem til å få fleirtal for forslaget sitt i Stortinget.

– Forslaget er ikkje forankra i dei andre partia. Hadde det vore det, kunne ein hatt ein felles pressekonferanse der ein orienterte om kva ein hadde vorte samd om, meiner han.

– Saka er under utgreiing, etter påtrykk frå oss

Når det er sagt, er varaordføraren samd i Søviknes og Njåstad si vurdering av at eit tobomssystem er den beste løysinga (nest etter fritak).

– Om de er samd om kva som bør gjerast, kvifor er det ikkje mogleg å einast om representantforslaget til Frp i Stortinget i haust?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Av di saka er under utgreiing. Etter påtrykk frå den politiske leiinga i Bjørnafjorden, er det sendt eit oppdragsbrev frå samferdsledepartementet til Statens vegvesen. Den saka kjem til å gå sin gang, seier Leigland og legg til:

– Vi har hatt veldig god dialog med Vestland fylkeskommune og Bergen kommune i saka. I tillegg har vi hatt møte med innbyggjarar og næringsliv både i Nordvik og på Søfteland. Det vert jobba iherdig med saka.

Les også
Fremja bompengeforslag i Stortinget i dag. – Viktig å få på plass ei løysing før vegen opnar i haust
Les også
Skal greia ut fleire løysingar for bompengar på sidevegane

Varaordføraren håpar inderleg at det er mogleg å finna ei løysing for dei som vert urettvist skatta.

– Vi må setja innbyggjarane i førarsetet og jobba for å gi dei det gjeld, ein betre kvardag, understrekar han.

Sp-politikaren karakteriserer tobomssystemet som ei glimrande løysing. Då fangar ein opp gjenomgangstrafikken som like gjerne kunne køyrt på den nye vegen, medan dei som skal på lokalbutikken for å kjøpa brød, eller på kveldsaktivitetar på skulen, slepp unna innkrevjinga.

– Det er den løysinga som er jobba fram, og som Bergen kommune har stilt seg bak. Samstundes er fylkeskommunen reservert av di dei er redd for at innteksgrunnlaget, som dei har stilt garanti for, skal verta lågare, seier Leigland og held fram:

– Eg er veldig oppteken av å finna gode løysingar for innbyggjarane. Så lenge ein ikkje klarer å fjerna bompengane på sidevegane heilt, er tobomssystemet den ideelle løysinga.

Les også
Etter møte om bompengar på E39: - Vi var veldig tydelege på kva vi ønskjer
Les også
— Kundane vil ikkje betala 80 kroner i bompengar for å koma hit og handla brød og mjølk