Tysdag vitja LO-leiar Gerd Kristiansen Luranetunet. Kristiansen slo av ein prat med avdelingsleiar Katrine Helgesen (t. h.) og tillitsvald Anita Kyrkjeteig.
Tysdag vitja LO-leiar Gerd Kristiansen Luranetunet. Kristiansen slo av ein prat med avdelingsleiar Katrine Helgesen (t. h.) og tillitsvald Anita Kyrkjeteig.

Kaffi, kjeks og alvor

Tysdag vitja LO-leiar Gerd Kristiansen Luranetunet i Os. Kristiansen ønskte å høyra korleis dei tilsette har det, og kva dei tenkjer om framtida.

Delar av Luranetunet er privatisert. Tidlegare har Norlandia og Aleris stått for drifta av aldersheimen, men ved førre anbodsrunde var det kommunen sjølv som trekte det lengste strået.

- Det kommunale anbodet har høgare sjukepleiardekning enn det som var vanleg tidlegare. Kommunen har dessutan vore veldig tydeleg på at ein vil ha fagfolk inn i dei ulike stillingane, fortel tillitsvald Anita Kyrkjeteig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho meiner ting har fungert bra etter at kommunen tok over drifta for to år sidan. Det tverrfaglege samarbeidet fungerer i alle tilfelle betre.

- Tidlegare var det akkurat som om det var ein mur mellom den kommunale og den private delen, fortel ho.

- Mister privilegium

Om tre år skal drifta ved Lurantunet ut på anbod igjen. Dei tilsette Kristiansen snakka med, ser helst at kommunen får halda fram arbeidet.

Fagforbundet Hordaland er på "turné" på arbeidsplassar rundt om kring i fylket. - Vi oppmodar medlemene våre om å røysta. Vi fortel dei ikkje kva dei skal røysta, men at dei bør røysta, seier Liv Eriksen Eide (t. v.) og Monica Jensen.
Fagforbundet Hordaland er på "turné" på arbeidsplassar rundt om kring i fylket. - Vi oppmodar medlemene våre om å røysta. Vi fortel dei ikkje kva dei skal røysta, men at dei bør røysta, seier Liv Eriksen Eide (t. v.) og Monica Jensen.

- Vi er veldig spente på kven som skal drifta den nye delen av Luranetunet, seier avdelingsleiar Katrine Helgesen.

LO meiner kommunane sjølve bør ta seg av velferdstenestene. Ifølgje Kristiansen handlar det ikkje berre om å levera dei beste tenestene, men om å kunna bruka folk på tvers av dei ulike avdelingane.

- Alt vert mykje vanskelegare når ein skil ut delar av drifta, og lagar ei eiga eining, seier Kristiansen.

LO-leiaren understrekar at ho ikkje har noko stygt å seia om dei som driv privat.

- Det har eg ingen føresetnad for å gjera. Men mogelegheitene er større dersom kommunen sjølv står for drifta. Dessutan veit vi at det går ut over den enkelte tilsette, spesielt på pensjonssida, når drifta vert privatisert, seier Kristiansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjøkken på ønskelista

Dei tilsette er spente på utfallet av måndagens kommuneval. Sjølv om dei har det bra på Luranetunet, er det spesielt éin ting både tilsette og bebuarar saknar: Eige kjøkken.

Då matserveringa vart konkurranseutsett, enda det med at maten vart tilkøyrt.

- Det er eit stort ønske med eit eige kjøken. Til jul har det skjedd at tilsette har kjøpt inn ekstra pinnekjøt berre for å få den riktige lukta i gangane. Men det er opp til dei tilsette sjølve å gjera slike ting, seier Helgesen.

Det er ikkje berre manglande matlukt som er problematisk med dagens ordning, ifølgje dei tilsette. Kyrkjeteig fortel at det vert forferdeleg mykje bos av maten som er pakka i plast.

- 81 bebuarar får middag i plast 7 dagar i veka, 365 dagar i året. Emballasjen går i restavfallet. Vi har ikkje plastgjenvinning på huset, seier ho.

LO-leiarens visitt på Luranetunet var del av Fagforbundet Hordaland sin "turné" i samband med kommunevalet. Målet med turneen er å få medlemene til å nytta røysteretten sin.