Julestemninga kom til Søre Fusa
Med den årlege juleverkstaden kom akkurat den rette førjulsstemninga til Søre Fusa Oppvekstsenter denne veka.
36 skuleborn, tre 5-åringar frå barnehagen og ein haug med vaksne: Lærarar, assistentar, foreldre og besteforeldre tok onsdag del i juleverkstaden.
- Vi synest det er stor stas at foreldre og besteforeldre tar seg tid til å vera med oss på slike dagar, fortel ein nøgd rektor, Britt-Mari Gjerde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fire ulike stasjonar skulle små og store rekka denne dagen. På sløyden var det saging og pussing, skruing og liming. Eit fint nøkkeloppheng vart resultatet her. På neste stasjon skulle dei laga julehjarte i filt.
- Her måtte vi først klippa ut to fine hjarte, og så sy dei saman. Det var fleire som synest det var vanskeleg å tre tråden på nåla. Då var det bra det var vaksne som kunne hjelpa, seier Gjerde.
På stasjonen i rommet ved sida av skulle dei laga julesokk eller julenisse. Dei vaksne køyrde symaskin og elevane klippa, limte og sydde.
- På siste stasjon vart ein kvit tennissokk forvandla til ein koseleg snømann. Det vanskelegaste her var å fylla sokken med ris, smiler Gjerde.