Julehandelen auka
Fjord´n Senter kan sjå tilbake på eit godt 2017.
Senterleiar på Fjord´n Senter, Vigdis Øvreeide, kan konstatera auke i omsetnaden i fjor.
– Vi auka med éin prosent i fjor. Desember og julehandelen blei god og mange fekk auke i forhold til fjoråret. Vi er veldig nøgde, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
2018 kjem til å bli eit spanande år for senteret i Eikelandsosen.
– No gler vi oss til vi kan starta på nybygget og alt det inneber. Det blir også spanande og sjå utviklinga vidare, når dagens butikkar får høve til å utvida og det opnar seg opp mogelegheiter til å få inn nye butikkar. Per i dag er senteret heilt fullt, seier Øvreeide.
– Brett opp ermene og stå på
I dagens samfunn, med sterk konkurranse frå internett, er det ikkje alltid berre berre å driva butikk.
– Det krev mykje å driva butikk og eg vil takka alle som jobbar på senteret, som står på kvar dag. Samstundes er vi alle saman glade for alle som besøkjer Fjord´n Senter og som handlar hos oss. Det er berre til å bretta opp ermene og stå på vidare, seier Øvreeide.