Jubla for nye Joker
Flagga til topps og jublande forsamling. "Heile bygda" var med og skapte reine 17-mai-stemninga då den nye Joker-butikken opna i Strandvik i ettermiddag.
I morgontimane i dag var det hektisk aktivitet i området rundt det nye Strandviktorget, der den nye Joker skulle opna nokre timar seinare.
- Vi var klare omtrent fem på tre, kunne ein oppglødd Svein Lang fortelja. Han er styreleiar for Strandvik Torget AS, som no husar Joker og ein kontordel med to verksemder. I tillegg kan dei skilta med ei togrdel som består av stor open uteplass med sitjeplassar, samt ein automatisk bensinpumpestasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men det ville ikkje vore annleis om vi opna om to veker, sa han.Så slo klokka tre og song av barnekor blanda seg i den fiske vårluften.
Spent
Både bygdefolket og besøkande meir langvegs frå byrja samle seg i god tid før klokka tre.
Måndag var siste opningsdag i det gamle butikkbygget over vegen, og etter to dagar med stengt og intens jobbing var endeleg den store opningsdagen her. Mona Dalland som driv Joker gjekk og venta spent på det som skulle skje.
- Magen er full av sommarfuglar no. Det er veldig spennande, men eg gler meg no, kunne ho røpa.
Full butikk
- Å hei på deg, vi si'r godag, song dei yngste.
Dei litt eldre ungane song om lærka som jublar høgt i sky, og juble gjorde Strandvikfolket også. Forsamlinga strålte om kapp med sola, lo og klappa medan gåver og blomar vart overrekte og talar haldne.
Artikkelen held fram under annonsen.
Til slutt var det tid for Mona si gode venninne Ingrid å få æra av å klyppe snora.
- Hipp, hipp, hurra! kom det spontant frå folkemengda.
Deretter strømma folk inn i butikken. Og sjølv om det nye lokalet er stort og romsleg, vart det raskt fullt og lange køar i kassene.
Familiepolitikk
Dei fleste Strandvikbuarane gjekk rundt med digre smil, gratulerte kvarande og spiste mykje kake.
Dei eine etter den andre kom også ut dørene med fulle bæreposer.
- Butikken er eit knutepunkt og betyr veldig mykje for oss, var gjennomgangstonen når «Os og Fusaposten» spurte litt rundt om kva den nye butikken betyr for dei.
- Den nye butikken er heilt fantastisk! Vi skal bruka han mykje, kunne strandvikbuar og lærar Åse Andersen medela.
- Dette er på mange måtar familiepolitikk. Vi får eit senter her i Strandvik, med det familiane treng samla på ein plass, sa Svein Lang.