Ras: Raset skal ha skjedd i 21-tida. Politiet rykte ut til staden.

Jordras over E39 ved Søfteland tysdag kveld

Eit jordras gjekk tysdag kveld over E39 ved Søfteland.

Det melder politiet på Twitter.

Raset skal ha skjedd i 21-tida. Politiet rykte ut til staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jordraset skal ha gått over vegen og sperra eitt køyrefelt, og skal ha vore tre meter i breidda. Ingen vart treft av raset. Det skal ha vore mogleg for trafikken å passera raset.

Entreprenør rykte også ut til staden.

Oppdatert: Vegen vart rydda ferdig tysdag kveld.