Jonsok i Mobergsvikjo
- Sjølvsagt blir det jonsokfeiring i år også, lovar arrangementssjef Berit Steen på Oseana.
I år, som ifjor, inviterer Oseana kunst- og kultursenter til jonsokfeiring i Mobergsvikjo.
- Ja, det vert god, gamaldags jonsok med bål og leikar, fortel Steen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ta med badebuksa!
Grillane er varme frå klokka 16 og utover.
- Folk tek med seg den maten dei vil eta, og så tenner vi bålet litt seinare, opplyser direktør Ole Tobias Lindeberg.
Os Turn lagar leikar for borna, og Os spelemannslag syter for musikalsk sommarstemning.
Finevêr er det også meldt.
- Så det er berre å ta med badebuksa for dei som er modige nok, smiler Steen.
Haugsnesfjæra
I tillegg til jonsok-feiringa i Mobergsvikjo, vert det bålbrenning i Haugsnesfjæra, og truleg mange andre stader i kommunen.
I Fusa vert det feiring i Eikelandsosen og i handelslagsfjæra i Strandvik. I alle fall.
- Det er dei stadene vi veit om førebels. Vanlegvis pleier folk å melda frå same dag som feiringa finn stad, opplyser brannsjef i Fusa, Gunnar Hatlelid.
Artikkelen held fram under annonsen.
På nettsidene til Fusa kommune minnar kommunen om at det ikkje er lov å brenna søppel eller spesialavfall som til dømes trykkimpregnerte materialar.
Jonsok-bålet skal ha god avstand til bygningar, vegetasjon og brennbart materiale. Ein må òg ta omsyn til vind, og ha rikeleg med sløkkjevatn tilgjengeleg.
- Folk må vera påpasselege med kvar dei plasserer bålet, og vera forsiktige i nærleiken av flammane, påpeikar Hatlelid.