Jon og Joakim deler med dei som ikkje har
Dei to 10.-klassingane fann masse leiker på loftet som dei sjølv ikkje trengde. I dag deler dei ut til born av flyktningar og andre trengande.
- Det gir ei god kjensle, seier Jon Hægland (15). I lag med klassekameraten Joakim Sande Valle (14) står han i ettermiddag borte ved Os Frivilligsentral og deler ut leiker. Både av eigne leiker, og av leiker dei har samla inn.
- Me er rett og slett blitt glade i hjelpa folk, seier Joakim Valle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er eit valfag på Os ungdomsskule som heiter "innsats for andre" som har vekt gjevargleda til live hjå dei to tenåringane.
Korleis ideen vart fødd
- Korleis kom de på ideen med å dela ut leiketøy?
- Det tok til med innsamling av varme klede til nokre av flyktningane som akkurat var komne til bygda. Når me delte dei ut, var det nokre leiker der også. Me såg at dei forsvann først av alt - og tenkte: "det hadde vore fint å gjera noko for borna, også!", seier dei.
- Og etter kvart får jo flyktningane og borna deira det mest nødvendige. Men det som ikkje er strengt tatt livsnødvendig - slik som leiker - har dei nok mindre av, legg Joakim til.
Ikkje berre for flyktningar
Som tenkt, så gjort. Jon fann brukte leiker på loftet, og Joakim gjorde det same. I tillegg stod dei denne veka og samla inn leiker frå andre.
- Men det er ikkje berre flyktningar som er velkomne til å henta leiker til borna sine. Til dømes åleinemødrer har kanskje også dette behovet. Alle som treng er velkomne, seier dei.
- Utruleg positive gutar
Leiar ved Os Frivilligsentral, Tove Hille, skryt uhemma av dei to gutane.
- Dei er utruleg flinke og positive. Dei stiller opp - også utanom skuletid, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utdelinga går føre seg frå kl 14.30 til kl. 17 i dag, ved Os frivilligsentral sine lokale (gamle kommunehuset i Postvegen).