Jobbar for å gle andre
I dag arrangerte valfaggruppa «Innsats for andre» på Nore Neset ungdomsskule eldretreff i foajeen. Overskotet frå dagen skal blant anna gle kreftramma born.
Då Os og Fusaposten vitja eldretreffet i føremiddag, var Innsats for andre-elevane i full gang med loddtrekking.
- Inntekta frå loddsalet går til valfaglina, men me bruker det på gode føremål, fortel Eline Drange.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Neste veke skal me til Haukeland for å dela ut julegåver til kreftramma born, skyt Henrikke Kvittingen inn.
Bilvask og barnehagejobbing
Valfaget var nytt i haust. Drange og Kvittingen verkar vera nøgde med valet sitt.
- Me har fått gjera ulike ting i haust for å hjelpa andre. Me har vitja Luranetunet for å hjelpa til der, samt vaska bilar og jobba i barnehagar, seier Kvittingen.
- Kva er programmet vidare dette skuleåret?
- Det er me litt usikre på. Me skal starta planlegginga etter at me er ferdige med eldretreffet, seier Kvittingen.
Besteforeldra tilstades
Dei to jentene var usikre på kor mange seniorar som var tilstades, men dei to hadde i alle fall besteforeldre i publikum.
- Me hadde venta mellom 100-150. Eg trur ikkje me er så langt unna det talet, seier Drange.
Utanom loddsal baud elevane på rundstykker, saft, kaker, kaffi og te. Elevar frå valfaggruppa «Sal og scene» stod for underhaldninga.