Ei jente gjekk gjennom isen på eit parti med mykje siv ved Ulvenvatnet, men vart raskt redda opp att. (Illustrasjonsfoto)
Ei jente gjekk gjennom isen på eit parti med mykje siv ved Ulvenvatnet, men vart raskt redda opp att. (Illustrasjonsfoto)

Jente gjekk gjennom isen, vart redda opp att

Ulvenvatnet: Ei jente vart redda opp att etter å ha gått gjennom isen på eit grunt område med mykje siv. Brannsjef Stein Gjøsund ber folk om å vera forsiktige.

Ein lesar tipsa «Os og Fusaposten» om nestenulukka rundt kl 20 i kveld.

- Isen er ikkje trygg på den eine sida av Ulvenvatnet, der det er mykje siv ved brua. Eg såg at ein unge gjekk gjennom isen der nettopp. Heldigvis var det ikkje djupare enn at far hennar fekk henne opp, seier ein som var vitne til det som skjedde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hald deg vekke frå innløp og siv

Brannvesenet hadde ikkje høyrt noko om hendinga, truleg fordi episoden endte godt. Men brannsjef Stein Gjøsund oppfordrar folk om å ikkje stola for mykje på det dei trur er trygg is.

- Folk bør halda seg unna is i nærleiken av innløp og utløp av vatn - der vert isen mindre tjukk. Det same gjeld område med mykje siv. Har du den minste mistanke om at isen ikkje er sterk nok, må du halda deg unna. Og foreldre må ha eit auga med dei som er utpå, seier han.

Ikkje farbar is alle stader

Han fortel at han har køyrt rundt i Osbygda i dag, og observert fleire stader der isen ikkje er god nok.

- Sjølv om isen mange stader er tjukk nok, gjeld det sanneleg ikkje alle stader. Eg vil difor oppfordra foreldre til å følgja nøye med. Ei drukning er ei for mykje. Alle som er på isen bør ha eit auga med ungar som villar seg vekk frå området der isen er farbar, seier Gjøsund, og legg til:

- Me brukar bevisst ikkje utrykket "trygg is". Folk senkar skuldrene for mykje når dei høyrer det.