Ombestem deg, Terje! Helge Steinum, Jon Sivert Rykkel, Nils-Anders Nøttseter, Olav Kvinge, May Brit Harringstad Mjøs, Jakob Enerhaug vil ikkje ha noko lokal folkerøysting om flyktningar frå Syria.
Ombestem deg, Terje! Helge Steinum, Jon Sivert Rykkel, Nils-Anders Nøttseter, Olav Kvinge, May Brit Harringstad Mjøs, Jakob Enerhaug vil ikkje ha noko lokal folkerøysting om flyktningar frå Syria.

Isolerer Frp i flyktningspørsmål

Ein tverrpolitisk allianse blokkerer no Frps ønske om ei lokal folkerøysting i flykningspørsmålet. - Ei slik røysting ville fått det til å høyrast ut som om flyktningar ikkje er velkomne i Os, seier dei.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Som leiar for Frp sitt lokalpolitiske utval gjekk Terje Søviknes ut med eit kontroversielt forslag tidlegare denne veka. Dersom Frp ikkje får fleirtal for ei nasjonal folkerøysting om kor mange flyktningar Noreg skal ta i mot frå Syria, vil dei ha lokale folkerøystingar om saka. Han vil ha folkerøystinga gjennomført samtidig med haustens kommunestyreval. At valet berre er kort tid unna, skulle ikkje vera noko problem, ifølgje Søviknes. Til VG uttalte han at "vi er kanskje litt sent ute for å rekke de siste kommunestyremøtene før sommerferien, men her kan formannskapene bruke sine fullmakter".

Høgre: - Speler på framandfrykt

Dette har ergra sentrale politikarar i Os. Etter kommunestyret var ferdig tysdags kveld, bestemte fleire politikarar seg for å prøva å hindra Søviknes i å få fleirtal for noko slikt lokalt. Torsdag kveld samla representantar frå Høgre, Ap, Venstre, KrF og MDG seg for å signalisera sin motstand (Også TvS og Sp stør initiativet).

- Her kan eg ikkje stø Terje Søviknes. Høgre vil forholda seg til det stortingsvedtaket som er fatta, seier May Brit Haringstad Mjøs, leiar i Os Høgre.

Frå Frps lokale samarbeidspartnar stilte også Olav Kvinge, vara til kommunestyret og på sikker 8. plass til fylkestingsvalet.

- Eg har drøfta dette med fylkesleiaren vår, Liv Kari Eskeland. Me er samde om at Høgre i Hordaland vil stå fast på Høgre sitt syn på landsplan, og tilrår ikkje ei lokal folkerøysting, seier Kvinge.

Partiet var med på stortingsforliket om å ta i mot 8.000 flyktningar fordelt over tre år. Dei har ikkje drøfta saka med kommunestyregruppa i Os, men som dei seier: "Me treng ikkje noko ekstravedtak for å kunne stå fast på Høgre sentralt sin ståstad".

- No hadde Frp sjansen til å visa at partiet ikkje er tufta på framandfrykt og innvandringsmotstand. Og så dreg dei nok ein gong innvandrarkortet, seier Kvinge, og legg til: "Eg er nok meir skuffa enn overraska".

Nye tonar frå Høgre?

- Samtidig røysta Os Høgre med Frp i fjor haust for å ta i mot berre 15 innvandrarar årleg. Det var under både IMDI si innstilling og rådmannen sitt forslag?

Artikkelen held fram under annonsen.

- I fjor gjekk me for ein mellomting. 15 var fleire enn kva me har motteke tidlegare. Eg tenkjer at dette er første steg i ei fornuftig opptrapping, men det må sjølvsagt forankrast i kommunestyregruppa, seier Haringstad Mjøs.

I fjor kom det fram at flyktningetenesta i kommunen går i pluss økonomisk grunna gode støtteordningar, så ressursmessig skulle det ikkje vera noko problem å ta imot nokre fleire.

Å finna husvære kan vera eit problem så dyr som bustadmarknaden er i Os, men ifølgje Kvinge kan utfordringane løysast.

- Det krev ein heilskapleg integreringspolitikk som omfattar alt frå vaksenopplæringa til bustadkontoret, seier han.

Ber Søviknes om å snu

Helge Steinum (Ap) og Jon Sivert Rykkel (V) representerer også parti med fast plass i formannskapet. Dei seier at dersom saka kjem opp i der, vil dei sørga for at ho ikkje får fleirtal.

- Eg vil ha eit 6-3 vedtak i så fall. Frp sine tre representantar kan røysta for, og så kan me andre setja foten ned. Men aller helst skulle eg ønska at Terje Søviknes ombestemmer seg, seier Steinum.

- Ja, det bør det vera rom for. At ein så erfaren og dyktig politikar går ut og seier det han har gjort, er ufatteleg, seier Jakob Enerhaug, listetopp for Os KrF.

- Frp var med på å ta med 7.500 flyktningar. Då er det useriøst å ropa varsku for 500 personar ekstra, seier Rykkel.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me oppfordrar Søviknes til å ikkje ta denne saka opp i det heile tatt i Os, legg Kvinge til.

- Å ha ei folkerøysting om å ta i mot flyktningar i Os ville vore utruleg negativt. Kva signal gjev ei slik røysting til syrarane og andre innvandrarar som alt er her? spør Enerhaug.

Kvinge synest det er rar argumentasjon frå Frp når dei i staden vil hjelpa flyktningane "der dei er".

- Er det 250 mill. kroner, eller ein milliard dei vil bruka ekstra på nødhjelp? Kva land skal få pengane? Iran, Hellas, Libanon eller Israel?Er det inne i sjølve Syria dei vil hjelpa? Eg er sjølvsagt for støtte også i nærområda, men det eine utelukkar ikkje det andre, seier Kvinge.

- Dessutan har me vel ikkje akkurat registrert noko om auka støtte til ulandshjelp i Frp sine partiprogram, seier Nils-Anders Nøttseter, listetopp for Miljøpartiet Dei Grøne i Os.

Seks menneske årleg

For Os sin del er det uansett snakk om å busetja eit relativt lite tal menneske. Dersom dei 8.000 flyktningane blir fordelt likt over landets kommunar blir det snakk om seks flyktningar ekstra årleg.

- Skal me liksom ha ei folkerøysting over seks personar? Dersom det blir 51 prosent for og 49 prosent mot, skal dei seks føla at dei hadde nesten halve Os mot seg? Det blir absurd, seier Jon Sivert Rykkel (V).

- I tillegg er dette snakk om veldig ressurssterke flyktningar. Syria har eit høgt utdanningsnivå. Hugsa på den gongen Noreg tok i mot 15.000 flyktningar frå Bosnia. Dei er blant dei best integrerte i Noreg. Samtidig har mange reist heim att og bygt opp at landet sitt etter krisa, seier Nøttseter.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Syrarane har nok eit sterkt ønske om å koma tilbake til landet sitt på eit seinare tidspunkt. Korleis leggja best mogleg til rette for dette? Det er den diskusjonen me burde ha teke no, i staden for å måtta bruka energi på eit tulle-utspel frå Frp, seier Helge Steinum (Ap).

- Her og no gjer me den jobben ordføraren vår burde ha gjort. Samla folk for å diskutera saka på ein seriøs måte, legg Rykkel til.