Eit halvt år etter at fiskebutikken Isfisk opna i Byvegen 81 er det slutt. Hlynur Freyr Vigfusson stengjer dørene for andre gong på kort tid. No ser det ut til å vera for godt.
Eit halvt år etter at fiskebutikken Isfisk opna i Byvegen 81 er det slutt. Hlynur Freyr Vigfusson stengjer dørene for andre gong på kort tid. No ser det ut til å vera for godt.

Isfisk stengjer dørene: – Findus vann

For andre gong på eit par månader stengjer Isfisk dørene. Denne gong ser det ut til å vera for godt.

– Findus vann, skriv dei på Facebook-sida si.

Dei har sjølv gått ut og annonsert nyhende i sosiale medium. I kommentarfeltet skriv dei at dei har ei gruppe gode, faste kundar, men at det er for få utanom dei som tek turen innom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No stengjer butikken. Vi har ope Tysdag for siste gong. Sterkt reduserte priser i heile butikken, alt skal ut, skriv dei på Facebook.

Då Hlynur Freyr Vigfusson opna butikken, verka det å vera eit etterlengta tilbod i Os, men eit halvt år seinare er det altså slutt på fersk fisk-tilbodet langs Byvegen. Det er kort tid sidan innehavar stengde butikken sist. Då gjekk det nokre dagar før han annonserte på Facebook at dei prøver igjen. Det har ikkje lukkast Os & Fusaposten å få tak i Hlynur Freyr Vigfusson måndag morgon.