Isen rekk ikkje å bli farbar
Brannvesenet har i dag vore ute og målt isen, og må konstatera at den ikkje er farbar nokon stad.
Varabrannsjef Arne Monsen fortel at brannvesenet i dag har vore ute og målt is.
Plussgrader meldt
- Kort fortalt er ingen av vatna trygge. Og i morgon er det meldt plussgrader og litt sludd, så det ser ikkje ut til at isen rekk å bli farbar i denne omgang, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ifølgje Yr.no er i dag siste dagen med sol og kaldt, før skyer og plussgrader tek over. Storm trur vêromslaget kan drøya til torsdag.
9 vatn med utrygg is
Vatna brannvesenet i Os har vore ute og målt er følgjande: Vindalsvatnet, Gåssakilen, Banktjørno, Tveitvavatnet (i Hegglandsdalen). Lekvenvatnet, Bjørnavatnet, Langavatnet (på Drange), Strønevatnet og Ulvenvatnet. Ingen av dei har altså farbar is.