Isen er ikkje farbar meir, ifølgje Os brannvesen.
Isen er ikkje farbar meir, ifølgje Os brannvesen.

Isen ikkje farbar lenger

Brannvesenet har teke ned samtlege "farbar is"-skilt. - Det går fort no når det er varmegrader, seier vakthavande Terje Håvardstun.

I går meldte Os brannvesen om at isen framleis var farbar på fleire vatn i Os. Men laurdag morgon opplyser Terje Håvardstun at isen no ikkje er til å stola på meir.

- Me tok ned farbar is-skilta i går ettermiddag, seier Håvardstun.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Og dette gjeld alle vatna i Os?

- Ja, alle vatna me har målt. Det går fort no når det er varmegrader. Me kan heller ikkje springa og måla isen heile tida i løpet av helga, seier han.