Inviterte skodelystne på besøk
Hålandsdalen Montessoriskule har opna dørene ved to høve dei siste vekene for å gje potensielle framtidige elevar eit innblikk i Montessori-verda.
- Vi opnar skulen for at dei som lurar på om dei skal starta på skulen, eller foreldra deira, skal få sjå korleis vi har det, seier rektor Melinda Hjelm Hatletveit.
- Ein står friare
Men ikkje berre potensielle elevar og føresette har nytta høve til å vitja skulen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det har også kome nokre som hadde lyst til å sjå endringane frå den offentlege skulen, og som er nysgjerrige på korleis ein montessori-skule ser ut, seier Hjelm Hatletveit.
Hålandsdalen Montessoriskule opna hausten 2016. Vel eit halvt år etter skuleopninga, kan rektor sjå tilbake på ei spanande tid.
- Det har vore spanande. Elevar som er vane med offentleg skule, har måtta læra seg å kjenna montessori-pedagogikken. Vi har tilnærma vanleg undervising for 5.-7.klasse, medan dei yngre køyrer "montessori" fullt ut. Vi har ikkje kunna snudd alt på ein gong. Vi køyrer nokre arbeidsplanar for at dei skal forstå det nye systemet. Ein står mykje friare til kva ein ønskjer å jobba med ut frå materiale som står framme, seier Hjelm Hatletveit.
- Kva meiner du med alt som står framme?
- Det er ulike ting som ein kan velja å jobba med. Vi har ikkje alt framme på ein gong, men det vi har fokus på er tilgjengeleg. Vi kan laga nytt materiale heile tida, seier rektoren.
Nyttig for dei med lærevanskar
Det har vore eit halvår med mykje nytt. Då er det godt at vel halvparten av pedagogane har montessori-erfaring.
- Nokre har jobba som montessoripedagogar i mange år, medan andre ikkje har vore borti det. Men vi ser nytten av det. Det er ein annan innfallsvinkel, og det er mange konkretar ein kan bruka. Dette er ikkje berre nyttig for vanleg undervising, men også mot dei som har lærevanskar. Det er mykje bra å ta av, seier Hjelm Hatletveit.
- Kan ein alt no sjå om skule-endringa har vore positiv for elevane eller ikkje?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er litt tidleg å seia korleis det slår ut. Hovudinntrykket er at elevane liker godt denne måten å jobba på. Dei er meir sjølvstendige, seier rektoren.